IHM

Meldingar:

Tmekalendar 10

Tømekalendar

Miljstasjonar 11

Miljøstasjonar

Sorteringsguide 12

Sorteringsguide

Foto: Ståle Prestøy

Skulestart - på naturen si side

Meir enn 600 000 skulebarn tek i desse dagar fatt på eit nytt skuleår. I sekken ligg både pennal, skrivepapir og matpakke. Hugs å ta gode miljøval for barnet ditt.

Skrivesaker

I tusj, blekk og blyantbly kan det vere skadelege løysemiddel, tungmetall og andre helsefarlege stoff. Dette er miljøgifter som kan skade nervesystemet og indre organ, og som kan auke risikoen for å utvikle kreft. Slike stoff vert brote ned svært sakte og hopar seg opp i organismane til dyr og menneske dersom det hamner i naturen. Den enklaste måten å unngå slike stoff på, er å sjå etter tusjar og pennar med det offisielle norske miljømerket Svanen på.

Papir

Skrivepapir, kladdebøker og teikneblokker er ein naturleg del av skulekvardagen. Dei største miljøutfordringane med skrivepapir handlar om treet papiret er laga av og energien som vert brukt for å koke tremassen slik at ein kan lage papir av det.

Skogen er ein ressurs vi må ta vare på. Frå den får vi trevirke vi lager papir, møblar og andre treprodukt av. Skogen lagrar CO2, og den gjev mogelegheit for rekreasjon og fine naturopplevingar. Du finn slike papirvarer i bokhandelen, mens skulen og kommunen din kan velje å kjøpe inn miljøvenleg papir frå profesjonelle tilbydarar. Då veit du at papiret er produsert slik at det verken er nytta unødvendig mykje energi, at det ikkje er klorbleika og ikkje har vore med på å utarme skogen.

Datamaskiner

I dag vert datamaskiner brukt vel så mykje som papir og blyant. Datamaskiner kan innehalde tungmetall og flammehemmarar, men vel du ein svanemerka maskin, unngår du det. Då får du og ei maskin som bruker lite energi, har god kvalitet og er merka for enkel demontering og gjenvinning. 

Matpapir

Det beste miljøvalet er sjølvsagt å nytte matboks. Denne kan nyttast igjen og igjen. Dersom du vel å bruke matpapir, er det lurt å sjekke om det inneheld krom- og fluorstoff, som mange produsentar nytter for at matpapiret skal vere tett. Fluorkarbon har den eigenskapen at det får vatn til å prelle av og er difor populært å bruke i allværsjakker og skismurning, men òg i matpapir. Fluorkarbon som hopar seg opp i kroppen kan føre til m.a. overvekt, kreft og hormonforstyrringar. Dersom du pakker inn brødskiva i svanemerka matpapir, er du trygg.

Les meir på: Er det farlig

Sjå det store i det vetle du gjer! God grøn skulestart!

 

IHM på Instagram:

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss