IHM

Tmekalendar 10

Tømekalendar

Miljstasjonar 11

Miljøstasjonar

Sorteringsguide 12

Sorteringsguide

Snøen som skulle ha falle i år

Foto: Randi Hausken / Flickr

Vinterferie og påskeferie på fjellet er for mange hyttekos, ski og god stemning. Slik skal det vera! Men mykje tyder på at denne idyllen er under press. Kva kan me vanlege folk gjera med det?

Når ein ser på dei store utfordringane, slik som klimaendringar, kan det vera vanskeleg å sjå si eiga rolle og kva påverknad ein kan ha som enkeltperson. Eit første steg er å innsjå at klimaendringane me no ser er menneskeskapte. Mange viser til naturlege svingingar slik som mellom anna sol aktivitet. Det er eit faktum at når ein summerer dei naturlege faktorane som sol aktivitet, jordas avstand til sola, naturlege variasjonar i vinkelen til jordas akse og vulkansk aktivitet med meir, skulle jordas temperatur ha gått ned. Det gjer den ikkje. Den globale lufttemperaturen har stige 0,85 grader dei siste 140 åra. Det er ingen ting som tydar på dette skal snu.

Robert Gunnarsson Idre Fjäll CC Flickr
Vert kunstsnøen det einaste me har å lita på i framtida?
Foto: Robert Gunnarsson Idre Fjäll / Flickr

Kvar kjem så hyttekosen inn i biletet? Eit gammalt ordtak seier: "Mange bekkar små blir ei stor å". Slik kan me forstå det. Om mange gjer litt kan me oppnå mykje. Så kva gjer ein då når fredagstacoen er fortært og tenker at ein vil bidra til at det framleis kjem snø til å stå på ski på i åra som kjem? Dersom ein skal sørga for at det vert slept ut mindre klimagassar så må det mellom anna forbrennast mindre. Dette gjeld òg restavfall. Restavfall forbrent er ressursar tapt. Sjølv om ein nyttar varmen ved energiutnytting, fører det til utslipp av klimagassar.

Slank restavfallet. Det er i stor grad dette det dreiar seg om. Dei ressursane me har gjenvinningsordningar for må me nytta oss av, slik at utslepp av klimagassar vert redusert. I vår region er det pålagt utsortering av matavfall for hushaldningar. For hytter er det utsortering i dei store hyttefelta og på fleire og fleire returpunkt for hytterenovasjon.

hytterenovasjon paaske 2010

Alt innsamla matavfall går til kompostering og vert på ny god jord! Foto: IHM

 

IHM på Instagram:

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss