IHM

Tmekalendar 10

Tømekalendar

Miljstasjonar 11

Miljøstasjonar

Sorteringsguide 12

Sorteringsguide

Svartelista artar i hageavfallet?

Svartelista artar og artar som er forbode

Det er eit aukande problem at hageplanter invaderer landskapet og slik vert ein fare for det biologiske mangfaldet. Planter som opphaveleg er importert av pryd- og nytteverdi, kan etter kvart opptre som ugras.

Framande artar kan spreie seg og utkonkurrere artar som finst naturleg. Etablering og spreiing av framande artar påverkar ikkje berre planter og natur som høyrer naturleg heime hjå oss, men også innsekt og andre dyr som er avhengig av det lokale plantelivet. Problemartar vil kunne variere frå plass til plass grunna ulike lokale klimatilhøve. 

For å hindre at framande artar invaderer norsk natur og tek over for norske artar, har regjeringen vedteke nye og strengare reglar. Frå 01.01.2016 er planter med størst økologisk risiko forbode å importere, selge og å plante ut. Sjå Forskrift om fremmede organismer: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2015-06-19-716.

Som hageeigar kan du bidra med å hindre spreiing av hageplanter til naturen ved å:
- Halde plantene innafor hagegjerdet
- Unngå å plante ut risikoartar
- Vurdere å fjerne slike artar frå eigen hage
- Unngå å gje vekk risikoartar
- Hindre spreiing ved å luke og hindre frøsetjing
- Følgje importreglane dersom du tek heim plantemateriale frå utlandet
- Unngå å kaste hageavfall i naturen
- Kompostere hageavfallet i eigen hage
- Levere til IHM sitt avfallsmottak på Voss eller til Miljøstasjonen i kommunen:

Dersom du mistenker, eller veit at hageavfallet inneheld artar som er forbode eller er svartelista, skal dette pakkast i tette sekker og leverast som restavfall til forbrenning. Det er gratis å levere slikt hageavfall ved IHM sine avfallsmottak. Sjå IHM si rettleiing for svartelista artar og artar som er forbode her:pdfInformasjonsmateriell_utbredte_svartelistearter.end.pdf

Artsdatabanken – norsk svarteliste
http://www.artsdatabanken.no/fremmedearter/fremmedearterinorge/2012
Klima- og miljøverndepartementet
https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/naturmangfold/innsiktsartikler-naturmangfold/fremmede_arter/id2076763/

Hagerømlinger og andre arter på avvegar – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
http://eforms.no/fylkesmannen/hageroemlingar/

Faglig utviklingssenter for grøntanleggssektoren http://fagus.no/

Det norske hageselskap http://www.hageselskapet.no/

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold
https://www.sabima.no/

 

IHM på Instagram:

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss