IHM

Tmekalendar 10

Tømekalendar

Miljstasjonar 11

Miljøstasjonar

Sorteringsguide 12

Sorteringsguide

Hugs å sortere sjølv om du er på ferie - God sommar!

Dei siste åra har mengda avfall frå hyttene eksplodert. Ei av årsakene er nok at mange hytter er i bruk større delar av året enn tidlegare.

Med fleksible arbeidstidsordningar, moglegheit for tidleg pensjon og fleire generasjonar som nyttar hyttene ilag, er det nærast heilårsbruk på mange hytter.

Kos er for dei fleste synonymt med mat og drikke, enkelt er for mange ferdigmat med eingongsemballasje. Planlegg når du handlar, og spis opp maten. Det er truleg det beste du kan gjere for miljøet i sommar!

Større hyttefelt i vår region har sorteringsløysningar. Ein god del punkt for hytterenovasjon har og ordning for levering av papir og glas- og metallemballasje. Sjå oversikt her. Containarar for glas- og metallemballasje finn du i bygdesentra og ved dei fleste daglegvarebutikkar og campingplassar. Sjå oversikt her. Bygg- og rivingsavfall, asbest, trykkimpregnert materiale, trevirke, metall, møblar, farleg avfall og elektrisk og elektronisk avfall skal leverast til lovleg mottak, som er IHM sine miljøstasjonar. Sjå opningstider her. Elektrisk og elektronisk avfall kan du òg levere i retur til forhandlar.

Me tek oss den friheit og siterar vår administrasjonsmedarbeidar Anita si helsing på sin e-post med autosvar i ferien - "Hugs: springe berrføtt i duggrass og blåbæreng"

Ha ein riktig god sommar!

 

 

IHM på Instagram:

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss