IHM

Abonnement og prisar

  • Fritidsbustader

    Forutan at det er sterk vekst når det gjeld tilrettelegging og utbygging av nye område for fritidsbustader endrar og bruken av fritidsbustadane seg. Betre komfort fører til oftare og lengre opphald, større hytter gjev rom for fleire. I 2007 innførte IHM differensiert renovasjonsgebyr også for fritidsbustader.

    Dei 3 klassane er delt etter følgjande kriteria:

    • Storleik
    • Veg fram til hytta
    • Elektrisk straum (ikkje solceller)

     

    Fritidsbustad. gebyrklassar 2018StorleikPrisar i kroner inkl.mva.
    Fritidsbustad, gebyrklasse låg 25% av normalhushald 1 090,00
    Fritidsbustad, gebyrklasse middels 45% av normalhushald 1 955,00
    Fritidsbustad, gebyrklasse høg 70% av normalhushald 3 045,00

     

    Unntak

    Det er eigne satsar for fritidsbustader under 20m2, campinghytter, campingvogner, fritidsbustader over 120 m2 og utleigeeiningar.

    Kriteria for differensiering av hyttegebyr finn du i kommunedelplan avfall 2006 - 2009, vedlegg 4. Sjå og punkt 4.3 og punkt 5.3.4.

    Kven som er pliktig til å betale renovasjonsabonnement er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune, sjå forskriftene.

    Vil du endre abonnement?

    Her finn du skjema for søknad / melding om endring av abonnement. Fritidsbustader vert vist til fellescontainerar, bosbuer og event. lokal miljøstasjon.

    Her kan du finna ut kvar hyttecontainerane er utplassert.

  • Hushald

    Renovasjonsgebyret som hushald og hytter betalar, skal dekke kostnader med renovasjonsordninga for hushaldsavfall, t.d. transport og handsaming av avfallstypar. Det skal òg dekke investeringar i t.d. miljøstasjonar og avfallsmottak, utstyr og naudsynte miljøtiltak.

    Deponiet på Bjørkemoen er lokalisert i nær tilknytning til eit verna vassdrag, og det er i den samanheng stilt strenge krav til sikring mot utslepp til jord, vatn og luft. Alle deponi har og krav om tiltak mot gassutslepp. Gebyret skal òg dekke kostnader med etterdrift (vedlikehald, overvaking og kontroll) av deponiet i minst 30 år etter det vert avslutta.

     

    Gebyrklassar 2018Prisar i kroner inkl.mva.
    Småhushald 3 045,00
    Småhushald m/kompostering 2 175,00
    Normalhushald 4 350,00
    Normalhushald m/kompostering 3 045,00
    Storhushald 5 870,00
    Storhushald m/kompostering 4 350,00
    Halv avgift 2 175,00

    For hushald er det tøming av 140 L bioavfallsdunk kvar 2. veke og 140 L papirdunk kvar 4. veke.

    Restavfall:

    • Småhushald 140 L dunk kvar 4. veke
    • Normalhushald 140 L dunk kvar 2. veke
    • Storhushald 240 L dunk kvar 2. veke

    Kven som er pliktig til å betale renovasjonsgebyr er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune. Omfanget av ordninga knytt til kvart abonnement kan du sjølv bestemme, dvs. om du ønsker heimekompostering, frekvens for tøming av restavfallet etc. Gebyret du betalar er avhengig av type abonnement.

    For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

    For tinging av nytt abonnement og oppseiing av abonnement skal det nyttast særskilt søknadsskjema.

    Endring av gebyr som berre omfattar endring av leveringsfrekvens eller behaldarstorleik, dvs. overgang mellom gebyrklassane små-, normal eller storhushald, kan meldast med ei forenkla skriftleg eller muntleg melding.
    Har du spørsmål, eller ønskjer informasjon om ordninga, kontakt oss på tlf. 56 52 99 00.

    Ta kontakt med IHM når det gjeld ordningar for heimekompostering.

  • Containerutleige

    Vi har containerar for utleige (døgn, helg eller langtid)

    • Containerar for liftbil 8 - 10 m3 (til større husrydding mm)
    • Containerar "krokløft" 22 - 40 m3 (for litt større avfallsmengder)

    Bestill container ved å fylle inn skjema. Du kan også bestille på tlf. 56 52 99 00 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
    Dersom du treng container innan to døgn er det sikrast å ringje inn bestillinga til 56 52 99 00.

    Transporttenester

    IHM disponerer alt frå varebil og stykkgodsbil nytta til mindre spesialtransportar lokalt, komprimatorbilar nytta til innhenting av avfall på faste ruter, og vogntog for ulik transport.

    Sjå skjema for utleige
  • Kjøp / leige av utstyr

    Hjå IHM kan du kjøpe eller leige det du treng av utstyr og containerar til konkurransedyktige prisar. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod. Det er lett å kjeldesortere dersom du har gode system! Vi hjelper deg å leggje til rette for kjeldesortering.

    Oversikt

    • Dunkar 140 L / 240 L

      Papp og papir
      Bioavfall
      Restavfall

    • Dunk 660 L til restavfall

    • Trillestativ for plastsortering

    • Liten dunk for papir

    • Lite spann for bioavfall

    • Papirposar til bioavfall

    • Sekkar til restavfall

    • Sekkar til plastemballasje

    • Emballasje for smittefarleg avfall

  • Levering av avfall

    Prisar, gjeldande frå 01.01.2018

    Prisane gjeld levering av sortert avfall til miljøstasjonane og IHM sitt avfallsmottak på Voss. 
    På miljøstasjonane er det berre høve til å levere mindre mengder.
    Ved større mengder, kontakt IHM for leige av container e.l.

    Alle prisar i kr/tonn, eks. mva (25%).
    Minstepris: Kr 100,- inkl. mva. Prisane gjeld berre for private.

    Er du næringskunde?

    For prisar for næringskundar, ta kontakt med IHM tlf. 56 52 99 00 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 
     

    Avfallstype / avfall til gjenvinningHushaldUnntak
    Bioavfall (komposterbart matavfall og lignande) 1515  
    Papir (kontorpapir, ukeblad, aviser ol.) Gratis  
    Brunt papir og papp Gratis   1)  
    Glas - og metallemballasje Gratis  
    Drikkekartong Gratis  
    Klede, sko til ombruk (reint og heilt, godt pakka) Gratis  
    Plastemballasje hushald; (folie) Gratis  
    Plastemballasje hushald; (kanner, flasker m.m.) Gratis   8)   
    EPS (isoporemballasje) Gratis  
    EPS (isopor anna; byggisolasjon o.l.))  4500  
    Landbruksplast            2)   
    Jern, metall Gratis  
    Blanda trevirke (reint og/eller behandla) 870  
    EE-Avfall, Næringselektro (RENAS) Gratis  
    EE-Avfall, Elektronikk Gratis  
    EE-Avfall, Kvitevarer/kuldemøblar Gratis  
    ANNA AVFALL    
    Restavfall, brennbart 1470  
    Restavfall, ikkje brennbart <10% TOC 1470  
    Blanda avfall til sortering 1570   
    Møblar/inventar Gratis  
    Bildekk 36 pr stk 3)  
    Bildekk på felg 72 pr stk 3)  
    Hageavfall   7)  
    Inerte massar av grus/stein/betong utan arm./tegl/skifer <5% TOC - 4)  
    Eternitt 1385   5)  
    Gips 1385  
    Impregnert trevirke (trykk-/kreosotimpregnert) 1950  
    Vindauge med PCB       0   9)  
    Vindauge med klorparafinar 4600  
    Vindauge med ftalater 4600  
    Golvbelegg m/ftalater, asbest mm (eks vinyl, vinylfliser) 4600  
    Anna farleg avfall Gratis 6)  

    1) Næringskundar leverer også gratis ved direkte levering til IHM sitt avfallsanlegg på Voss eller levert i ballar/pressa på miljøstasjonen
    2) Innsamling av landbruksplast vert organisert i samarbeid mellom landbruksetaten i kommunen og IHM. Kan leverast heile året på Bjørkemoen.
    3) Bildekk skal forhandlar ta i retur gratis etter gjeldande forskrift
    4) Pris etter avtale
    5) Må leverast på pallar, pakka i tett plast og merkast
    6) Gjeld ikkje bygg- og rivingsavfall
    7) Gratis inntil 250 kg. Mengder over 250 kg - kr 550,- pr tonn
    8) Næringskundar leverer også gratis ved direkte levering til IHM sitt avfallsanlegg på Voss

    9) Gratis for private. Kr 1400,- for næringskundar

     

     

Ekstra sekk (restavfall)

Du kan kjøpe ekstra sekk (kr 60,-) til restavfall på kundetorget i kommunen (med unntak av Jondal) eller på miljøstasjonen. Set ekstrasekken ut i lag med restavfallsdunken hentedagen.

Nye sekkar (plastemballasje)

Du får nye sekker til innsamling av plastemballasje på kundetorget og miljøstasjonen i kommunen, IHM på Bjørkemoen eller ved å setje lapp på papirdunken - godt synleg. Må tåle vêr og vind! 

Meir Plastsekkar Takk

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss