IHM

Bli ein strandryddar!

Marint avfall er ei global utfordring med lokale ringverknadar. Det er estimert at det kvart minutt hamnar 15 tonn plast i verdshava. Plasten driv kringom og finn vegen til strender og nærområder.

Hordaland bilete1

Marint avfall er ei global utfordring med lokale ringverknadar. Det er estimert at det kvart minutt hamnar 15 tonn plast i verdshava. Plasten driv kringom og finn vegen til strender og nærområder. Vi veit at vi sjølve nyttar plast og at noko av den hamnar i naturen. Den vert førd vidare i vassdraga våre til hava. Vi er alle viktige brikke i jobben med å rydda strender og vassdrag!

IHM har i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og andre avfallsselskap i fylket søkt om midlar frå Miljødirektoratet til å bidra til aksjonar for å rydde eigarlaust marint avfall. Dette skal gje oss ein styrka posisjon til å kunne bidra ved frivillige initiativ til strandrydding i våre områder. IHM representerer dei seks kommunane Eidfjord, Jondal, Granvin, Ulvik, Ullensvang og Voss. Området er ikkje i stor grad eksponert for marint avfall som vert ført med havstraumar til våre strender. Langt meir er vårt område eit tilførselsområde då avfall på avvege vert førd vidare til sjøen ved hjelp av elvar og vassdrag. Difor er rydding langs elver og vatn like viktig som å rydda strender ved sjøen. 

Dette er noko av det du kan gjere:

Ved behov for container ringer du IHM for avtale.

  • Sekkar med avfall frå rydding av marint eigarlaust avfall leverer du gratis til ein av IHM sine miljøstasjonar om du har registrert ryddeaksjonen. Det er også mogleg å levere til bil på rute etter avtale med IHM.
  • Førebygg plast i naturen ved å nytte gjenvinningsordningane, og vere ein medviten forbrukar ved å vurdera produkt utan plast. Les om mikroplast her holdnorgerent.no/mp/

 

Sortering av eigarlaust marint avfall:

Jern og metall, dekk, trevirke og farleg avfall skal leverast for seg og ikkje samanblanda med resten av det marine avfallet. Ta kontakt for å avtala levering av desse avfallsfraksjonane. Alt anna marint avfall vert handsama som restavfall og vert sendt til forbrenning med energiutnytting.

 Infoark Strandrydding 2018.pdf

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss