Bygge- og anleggsavfall
God avfallshandsaming dreier seg om langt meir enn å verte kvitt avfallet. Regelverket vert stadig strengare og meir omfattande, samstundes som det vert stilt krav til praktiske og økonomiske løysingar.
No foreslår SFT obligatoriske avfallsplanar i kommunale byggesaker. Forslaget til ny forskrift stiller strenge krav til byggherren, og det vert obligatorisk å utarbeide miljøsanerings- og avfallsplan før oppstart.
Pass på det farlege avfallet
Byggeavfall kan innehalde farlege stoff som er skadelege for menneske og natur. Farleg avfall kan m.a. innehalde:
- Kvikksølv
- PCB
- Bromerte flammehemmarar
- Bly
- Olje
I eldre bygg må ein særleg vere merksam på PCB:
PCB-haldige kondensatorar
Det er forbode å ha kondensatorar i lysstoffarmatur med PCB. Dersom dei PCB-haldige kondensatorane er:
- kartlagt
- det er laga plan for utskifting og avfallshantering
- sett av pengar til utfasinga
gjeld forbodet frå 1. januar 2008.
PCB-haldige isolerglasruter
Norske isolerglassruter frå perioden 1965-1975, og importerte ruter produsert fram til 1980, inneheld som oftast PCB i limet rundt glaset. Det er krav til merking av alle PCB-haldige isolerglasruter, både dei som er i bruk og ute av bruk. PCB-haldige isolerglasruter skal leverast som farleg avfall når dei vert demontert. Verksemdene må ha rutinar som viser korleist dei har inretta seg for å følgje desse reglane.
PCB i bygget elles
PCB har vore nytta i mørtel, måling, fuger og liknande. Når bygg som har PCB i mur eller fuger skal rehabiliterast eller rivast, må ein ta omsyn til at dette ved gjennomføring av arbeidet. Det inneber at farleg avfall som PCB må kartleggast før arbeidet tek til, arbeidet må leggast opp slik at det ikkje fører til forureining i
Relaterte lenker
Om PCB på nettstaden til Miljøstatus i Norge