Du finn oss i Voss Mylna (Strandavegen)
OPNINGSTIDER
Torsdag: 16.00 - 19.00
Laurdag: 11.00 - 14.00
Juli og august: berre laurdag
 
BYTEBUA blir dreve på eit reint idealistisk grunnlag.
 
Me tykkjer det er viktig å kunna bruka ting opp att og prøver på denne måten å motarbeida "Bruk og kast metoden" som me tykkjer blir for mykje brukt i dag.
I BYTEBUA kan du få kjøpe og selje brukte klede og anna som godt kan brukast om att. Du må ikkje ha noko å byte med for å bruka BYTEBUA.
 
Her kan du hengja inn for sal:
 
- FINT, HEILT OG REINT barne- og ungdomstøy.

- FINT BRUKTE finsko, skisko, ski, slalomutstyr, spebarnsutstyr, barnevogner og ellers det meste som ikkje er utslete, men kan brukast om att.
(Bytebua sett frå Strandavegen)
 
 
Me har og ei oppslagstavle der du kan avertera kjøp og sal av forskjellige ting. Du er sjølv med og bestemmer kva pris du vil selja tinga for. Kleda/tinga blir hengde inn for 3 - månader fram, du får ei kvittering på det du leverer og her står det ein hentedato. Dersom du vil hente heim att noko av det du har levert for sal, må du sjølv gjera dette før den hentedatoen som står på kvitteringa.
 
Oppgjer for det som er seldt blir sendt over bank/post etter at hentedatoen er gått ut. Etter - 3 månader, disponerer BYTEBUA fritt dei kleda/tinga som ikkje er selde eller vorte henta. Dette gjev me til Frelsessarmeen og forskjellige andre veldedige førmål. Einskilde ting prisar me om og sel som gåve til BYTEBUA. På denne måten er du med og hjelper dei som har det vanskeleg. Du er og med å hjelpa til å drive BYTEBUA på denne måten.
 
Me som arbeider i BYTEBUA har ikkje løn. Me trekkjer 15% av det som blir seldt, for at me skal kunna dekkja dei faste utgiftene som husleige, straum, frimerke m.m. Me har ikkje erstatningsansvar for det me tek imot m.o.t. brann, innbrot eller annan skade.
 
Me voner at så mange som mogeleg vil selja og kjøpa gjennom oss og ynskjer gamle og nye kundar velkomne til å bruka BYTEBUA, du er hjarteleg velkomen til å bruka BYTEBUA for kjøp og sal.


Tøybleier
Nei takk til reklame