IHM

EE-avfall næring

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) er alle produkt som er eller har vore avhengige av elektrisk straum eller batteri for å fungere, når produkta vert avfall. Gjeld og kablar og leidningar. EE-produkt inneheld skadelege stoff som bly, kadmium, kvikksølv, PCB og bromerte flammehemmarar. Slike stoff kan skade både menneske, dyr og natur. EE-avfall inneheld også metallar som kan gjenvinnast. Det er difor viktig at alle slike produkt vert sortert frå anna avfall, og levert til godkjend mottak.

Lovregulering

I Noreg er innsamling av EE-avfall strengt regulert gjennom "Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall" (avfallsforskrifta), kap.1: www.lovdata.no Forskrifta forpliktar produsentar og importørar av EE-produkt å ta hand om kasserte produkt på ei miljørett måte, og å utnytte ressursane i desse.

Forskrifta pålegg forhandlar å ta imot næringsavfall vederlagsfritt ved nykjøp av tilsvarande mengde EE-produkt og kommunen å ta imot EE-avfall som er næringsavfall. Kommunen kan krevje vederlag for mottaks- og lagringskostnader for EE- avfall frå næring, i motsetnad til for EE-avfall frå hushald. Sjå avfallsforskrifta.

Miljø

Føremålet med avfallsforskrifta er å redusere miljøproblema EE-produkt forårsakar når dei vert avfall. Dette skjer gjennom særskild innsamling, utsortering og handsaming av material og komponentar som er farleg avfall, og høg grad av gjenvinning av materiala elles. Forskrifta skal sikre at slikt avfall vert gjenvunne der det er velgrunna med omsyn til miljø, ressursar og økonomiske tilhøve.

Både med tanke på energibruk og utslepp av co2 er gjenvinning av metaller frå EE-avfall, svært gunstig. I tillegg er metaller som kopar, aluminium, gull og sølv verdfulle råstoff.

Treng du råd?

IHM kan ta imot alt EE-avfall frå din verksemd. Vi har løysingar og utstyr for å samle inn EE-avfall i samsvar med regler og forskrifter, og hjelper deg gjerne ved rettleiing og spørsmål. Send førespurnad om meir informasjon, tilbod eller bestilling av tenester på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller kontakt oss på 56 52 99 00.

Sjå foldar om: "Elektrisk og elektronisk avfall i bygg- og anleggsprosjekt: Kva er EE-avfall – og hvordan skal det håndteres?" 

Døme på slike produkt frå næringsverksemd er:

  • Data- og telekommunikasjonsutstyr
  • Brunevarer
  • Medisinsk utstyr
  • Kontormaskiner
  • Elektriske og elektroniske leiker
  • Speleautomatar
  • Kvitevarer
  • Ur
  • Omnar
  • Lysstoffrøyr
  • Pærer og armatur
  • Utstyr for oppvarming og ventilasjon
  • Utstyr og instrument for måling og kontroll
  • Transformatorar
  • Verktøy
  • Alarmanlegg
  • Røykvarslarar
  • Anna elektronisk utstyr

Les meir om EE-avfall på Miljødirektoratet sine sider her

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss