IHM

EE-avfall hushald


Elektriske og elektroniske produkt inneheld miljøgifter som er helse- og miljøskadelege. Når slike produkt skal kasserast kan dei leverast gratis til miljøstasjonen, eller til forhandlar som sel slike produkt. El-forhandlarar har plikt til å ta imotkasserte produkt, og du treng sjølvsagt ikkje kjøpe noko nytt produkt for å få levere det gamle. Komponentar som inneheld farlege stoff, vert på denne måten tekne hand om på forsvarleg vis, og metallet og plasten vert gjenvunne til verdifullt råstoff. Her finn du meir informasjon om EE-avfall.

Døme på EE-avfall:

  • Radio, TV, stereoanlegg, CD-spelarar
  • Telefonar, mobiltelefonar
  • TV-spel, Nintendo
  • Lommelykter
  • Lysrøyr og sparepærer
  • Batteri
  • Kvitevarer (komfyr, kjøleskap etc.)
  • Elektriske og elektroniske leiker (inneheld feks. batteri og kretskort)
  • Blinkesko

Leiker og farleg avfall 

Fleire og fleire av leikene er elektriske og elektroniske produkt (ee-produkt). Dei går på straum eller batteri og har ofte leidningar og kretskort. I slike produkt finn vi ofte miljøgifter som kvikksølv og bromerte flammehemmarar. Dette er farlege stoff som det er viktig å få ut av kretsløpet!

Dette er farleg i elektrisk leiketøy 

  • Batteri
  • Kretskort
  • Plasten / tekstilen

Kvar skal du levere elektrisk leiketøy? 

Dessverre er det slik at mange forbrukarar ikkje er klar over at slike leiker er farleg avfall. Dermed hamnar alt for mange elektriske leiker i restavfallet når dei vert kasta. Både forretningar som sel elektrisk leiketøy og kommunale avfallsmottak har plikt til å ta imot utrangerte leiker med elektronikk frå forbrukarane er gratis.

Kvifor er dette farleg avfall? 

Truleg er det knappecellebatteri i dei minste leikene. Slike batteri kan innehalde kvikksølv. Plasten, tekstilen og kretskortet i elektrisk leiketøy inneheld sannsynlegvis bromerte flammehemmarar.

Kvikksølv er eit giftig tungmetall som kan gje nyreskadar, skadar på nervesystemet og fosterskadar.

Bromerte flammehemmarar er akutt giftige for organismar som lev i vatn. Bromerte flammehemmarar vert lett teke opp i kroppen sitt feittvev, og kan føre til leverskade, hormonforstyrring og nerveskade på menneske.

 

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss