IHM

Farleg avfall næring

Farleg avfall er avfall som ikkje kan handsamast saman med anna avfall på grunn av faren for forurensing eller skade på menneske og dyr. Kvart år kjem 50 000 tonn slikt avfall på avvegar her i landet. Mykje av dette endar opp i naturen, i avløp eller i avfallsdeponi, noko som er eit alvorleg miljøproblem. Her finn du informasjon om farleg avfall og dine plikter som avfallsbesittar.

Døme på farleg avfall

  • Måling, beis, lakk og lim, sparkel, fugemasse, silikon, akryl
  • Olje, oljeprodukt og oljefilter
  • Plantevern- og skadedyrsmiddel
  • Reingjeringsmiddel og kjemikaliar som møbelpolish, sølvpuss, Plumbo og avfeittingsmiddel
  • Sprayboksar t.d. hårspray, myggspray
  • Batteri: oppladbare-, knappecelle og bilbatteri
  • Bilprodukt som kjøle-, frost-, og spylarvæske
  • Produkt med ftalatar (golvbelegg, fugeskum og cellegummi m.m.)
  • Produkt med bromerte flammehemmarar (polystyren, tekstil, brytarar, kontaktar, kretskort m.m.)
  • Trykkimpregnerte materialar
  • Glasruter med PCB (prod. 1965-1979)
  • Glasruter med klorparafinar (prod. 1975-1991)

Handsaming av farleg avfall

Farleg avfall skal handsamast forsvarleg. Alle som oppbevarer, transporterer eller handsamar farleg avfall, skal treffe naudsynte tiltak for å unngå fare for forurensing eller skade på menneske eller dyr.

Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall. Ulike typer farleg avfall skal ikkje samanblandast dersom dette kan føre til fare for forurensing, eller skape problem for den vidare handsaminga av avfallet.

Leveringsplikt

Verksemder der det oppstår farleg avfall, skal levere dette til den som etter § 11-6 og § 11-7 i avfallsforskrifta kan håndtere avfallet. Det farlege avfallet skal leverast minst 1 gong per år. Leveringsplikt inntrer ikkje før den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg. Her kan du lese meir om dine plikter som avfallsbesitter av farleg avfall.

Dersom verksemder vert lagd ned eller får driftsstans utover 3 månader trer leveringsplikta inn umiddelbart.

IHM har alle naudsynte godkjenningar for å ta imot farleg avfall. Leverer du farleg avfall til oss får du dokumentasjon, slik styremaktane krev. Ta kontakt for gjennomgang av behov og vurderingar i samsvar med gjeldande reglar og forskrifter.

Meir om farleg avfall og miljøplikter:

www.regelhjelp.no

www.miljostatus.no

www.renas.no

www.miljodirektoratet.no/Tema/Kjemikalier/Miljogifter/

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss