IHM

Farleg avfall hushald

Farleg avfall er avfall som ikkje kan handsamast saman med anna avfall på grunn av faren for forurensing eller skade på menneske og dyr. Kvart år kjem 50 000 tonn slikt avfall på avvegar her i landet. Mykje av dette endar opp i naturen, i avløp eller i avfallsdeponi, noko som er eit alvorleg miljøproblem.

 

Døme på farleg avfall:

  • Måling, beis, lakk og lim, sparkel, fugemasse, silikon, akryl
  • Olje, oljeprodukt og oljefilter
  • Plantevern- og skadedyrsmiddel
  • Rotte- og musegift, antiparasitt og soppdrepar
  • Reingjeringsmiddel og kjemikaliar som møbelpolish, sølvpuss, Plumbo og avfeittingsmiddel
  • Sprayboksar t.d. hårspray, myggspray
  • Batteri: oppladbare-, knappecelle og bilbatteri
  • Bilprodukt som kjøle-, frost-, og spylarvæske
  • Trykkimpregnerte materialar
  • Golvbelegg, fugeskum og cellegummi
  • Produkt med bromerte flammehemmarar
  • Glasruter med PCB (prod. 1965-1979)
  • Glasruter med klorparafinar (prod. 1975-1991)

Farleg avfall må du levere til miljøstasjonen. Med unntak av trykkimpregnerte materialar, glasruter som inneheld PCB eller klorparafinarer og anna farleg bygg- og rivingsavfall, er det gratis for hushaldskundar å levere farleg avfall. Elektriske- og elektroniske produkt inneheld og miljøgifter.

 

NB! Desse avfallstypane er ikkje farleg avfall: 

  • Smittefarleg avfall
  • Stikkande - og skjerande avfall (sprøytespisser, skalpellar m.m.)
  • Radioaktivt avfall
  • Sprengstoff/ammunisjon og sjølvantennande material (t.d. kluter med linolje) og organiske produkt (t.d. herderar til stålplast/glassfiber)

Desse avfallstypane må ikkje leverast som farleg avfall!

 

Slik leverer du farleg avfall

Farleg avfall skal så langt råd, leverast i originalemballasje. Pass på at flasker, korkar og anna emballasje er tett. Unngå omemballering!

Symboler farleg avfall m tekst

Dersom originalemballasje manglar, er det viktig å gje opplysningar om kvar avfallet kjem ifrå, og levere det tydeleg merka med innhald om mogeleg. Farleg avfall må ikkje leverast blanda, i t.d. sekk! Dette er viktig for å sikre eit trygt arbeidsmiljø for dei som handsamar avfallet og for andre besøkande. 

Farleg avfall illustrasjonar

Helse- og miljøskadelege produkt er merka med faresymbol. Slike produkt må du levere til godkjent mottak, miljøstasjonen i kommunen. Har du fleire spørsmål om farleg avfall, ring: 56 52 99 00.

 

Kva skjer med det farlege avfallet? 

Farleg avfall du leverer på IHM sine miljøstasjonar vert vidaresendt til godkjende behandlingsanlegg. Her vert miljøgiftene destruert ved høge temperaturar, medan energien vert nytta i sementproduksjon. Ein del farleg avfall vert og deponert på Langøya i Oslofjorden og ein del går til materialgjenvinning etter at miljøgiftene er uskadeleggjort.

Vil du lese meir om farleg avfall, sjå

Avfallsforskriften
Er det farlig?

Lenker til meir informasjon om miljøgifter:

Miljøstatus 
RENAS
Miljødirektoratet 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss