EE - avfall
Elektriske og elektroniske produkt inneheld miljøgifter som er helse- og miljøskadelege. Når slike produkt skal kasserast kan dei leverast gratis til miljøstasjonen, eller til forhandlar som sel slike produkt. El-forhandlarar har plikt til å ta imot kasserte produkt, og du treng sjølvsagt ikkje kjøpe noko nytt produkt for å få levere det gamle. Komponentar som inneheld farlege stoff, vert på denne måten tekne hand om på forsvarleg vis, og metallet og plasten vert gjenvunne til verdifullt råstoff.
|
Døme på EE - avfall:
- Radio, TV, Stereoanlegg etc.
- Telefonar
- Lommelykter
- Lysrøyr og sparepærer
- Batteri
- Kvitevarer (komfyr, kjøleskap etc.)
- Elektriske og elektroniske leiker (inneheld feks. batteri og kretskort)
- Blinkesko |
Leiker fører til store menger farleg avfall
Fleire og fleire av leikene er elektriske og elektroniske produkt (ee-produkt). Dei går på straum eller batteri og har ofte leidningar og kretskort. I slike produkt finn vi ofte miljøgifter som kvikksølv og bromerte flammehemmarar. Dette er farlege stoff som det er viktig å få ut av kretsløpet!
Kvar skal du levere elektrisk leiketøy?
Dessverre er det slik at mange forbrukarar ikkje er klar over at slike leiker er farleg avfall. Dermed hamnar alt for mange elektriske leiker i restavfallet når dei vert kasta. Både forretningar som sel elektrisk leiketøy og kommunale avfallsmottak har plikt til å ta imot utrangerte leiker med elektronikk frå forbrukarane %96 gratis.
Dette er farleg i elektrisk leiketøy
- Batteri
- Kretskort
- Plasten / tekstilen
Kvifor er dette farleg avfall?
Truleg er det knappecellebatteri i dei minste leikene. Slike batteri kan innehalde kvikksølv. Plasten, tekstilen og kretskortet i elektrisk leiketøy inneheld sannsynlegvis bromerte flammehemmarar.
Kvikksølv er eit giftig tungmetall som kan gje nyreskadar, skadar på nervesystemet og fosterskadar.
Bromerte flammehemmarar er akutt giftige for organismar som lev i vatn. Bromerte flammehemmarar vert lett teke opp i kroppen sitt feittvev, og kan føre til leverskade, hormonforstyrring og nerveskade på menneske.
Fleire og fleire leiker er EE-produkt som inneheld farleg avfall
Blinkesko inneheld farleg avfall. I skoa finn vi knappecellebatteri som kan innehalde kvikksølv og kretskort med bromerte flammehemmarar. Solen og tekstilane i skoa inneheld også sannsynlegvis bromerte flammehemmarar, for å hindre mogeleg varmeutvikling. Når slike sko skal kasserast er det viktig at dei vert levert som EE (elektrisk- og elsektronisk) avfall: I retur til forhandlar som sel tilsvarande produkt, eller til godkjend mottak.
Slik ser ein blinkesko ut inni!