HYTTERENOVASJON
I fleire av IHM-kommunane vert det satsa sterkt på bygging av fritidsbustader. Dei nye fritidsbustadene er i større grad enn før konsentrerte i avgrensa regulerte område med tilpassa infrastruktur, har større areal og høg standard. Dette medfører auka bruk, fleire brukar hytta oftare og i lengre periodar. Tenestene til IHM bør difor tilpassast denne situasjonen.
 
IHM ønskjer å leggje til rette gode ordningar med større vekt på kjeldesortering også for fritidsbustader. Hytteeigarar har alt lenge hatt tilbod om levering av utsorterte avfallstyper i nokre hytteområde.  
 
Hyttecontainerar er berre for hyttefolk!
Det er berre dei som betalar abonnement for fritidsbustad til IHM som har lov til å nytta hyttecontainerane. Dersom de observerer at hyttecontainerar vert nytta av andre, bed vi om at de kontaktar IHM og melder frå. Slik kan vi ta opp problemet direkte med dei det gjeld, og prøve å hindra at det gjentek seg.
 
I hyttecontainerane og bosbuene kan du levere vanleg hushaldsavfall.
 
Papir, papp, drikkekartongar, plastemballasje og glas- og metallemballasje kan leverast til miljøstasjonen i kommunen. Glas- og metallemballasje kan og leverast til returpunkt  i kommunane.
 
Følgjande avfallstyper leverast til miljøstasjonen:
  • Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar
  • Farleg avfall, til dømes:
    • Beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri, plantevernmiddel og trykkimpregnert treverk
    • EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall). Kan og leverast til forhandlar!
Differensierte gebyr for fritidsbustader
Forutan at det er sterk vekst når det gjeld tilrettelegging og utbygging av nye område for fritidsbustader endrar og bruken av  fritidsbustadane seg. Betre komfort fører til oftare og lengre opphald, større hytter gjev rom for fleire. I 2007  innførte IHM differensiert renovasjonsgebyr også for fritidsbustader. Dei 3 klassane er delt etter følgjande kriteria:
  • storleik
  • veg fram til hytta
  • elektrisk straum (ikkje solceller)
Storleiken på gebyret går fram av tabellen nedanfor.
 
Gebyrklasse
Gebyr
Låg
25% av normalhushald
Middels
45% av normalhushald
Høg
70% av normalhushald
 
For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:
- INNSAMLINGSFORSKRIFTA (PDF 57kb.)
- GEBYRFORSKRIFTA. (PDF 85kb)


FRITIDSBUSTAD
 
Bringeordninger: