Sekk til innsamling av plastemballasje - nytt feilvare!

Vi har dessverre fått feilvare frå fabrikken som leverer ruller med sekk til innsamling av plastemballasje frå hushald. Det viser seg at ein del av sekkene er sveisa i begge ender, og då er det vanskeleg å fylle sekken med plastemballasje!! Sekken manglar «handtaka» ein vanlegvis knytter med dobbel knute.
For å spare miljøet har vi vald å bruke sekkene likevel. Det er mogleg ved å klyppe opp sekken i den eine enden. Når sekken er full, kan ein knyte den godt igjen – anten med knute på sekken, eller ein kan bruke plaststripa ein har klypt av. Kontakt oss om du har spørsmål.

Utskrift