BIOAVFALL
Kva skal med i dunken?
- Matavfall som fisk, kjøt, grønsaker, frukt, eggeskal, brød o.l.
- Kaffi- og tefilter
- Kjøkkenpapir, serviettar og tilgrisa papir
Kva skal ikkje med?
- Avfall som ikkje vert omdanna raskt i naturen. T.d. plast, klede, glas.
Til bioavfall nyttar du spesielle bioposar som du får kjøpt i daglegvareforetningar.
Bioposane skal i dunk med brunt lok.
For å unngå at bioavfall frys om vinteren kan du leggja eggekartong eller avispapir i botnen av dunken. Vert du plaga av lukt og makk om sommaren hjelper det å halda dunken rein ved å vaska og spyla dunken etter tøming.
Kast ikkje matavfall/bioavfall saman med restavfallet!
Kompostering er bra for miljøet

Indre Hordaland Miljøverk ønskjer å stimulere til auka heimekompostering, og har mellom anna redusert avfallsgebyret for dei som komposterer heime. Her finn du informasjon du treng for å starte med
heimekompostering. Dersom du alt er ein av våre mange heimekompostørar, kan det vere råd og vink å hente for å få eit godt resultat.
Bilete: Tek grep om framtida!