RENOVASJONSTENESTER HUSHALD
 
IHM driv ei moderne avfallshandsaming der kjeldesortering står i fokus. Slik tek me vare på ressursane i staden for å gjere avfall til eit problem. Dette inneber innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei i underkant 9000 hushalda i regionen. IHM tilbyr ein kombinasjon av henteordningar og bringeordningar.
 
 
Henteordningar
For det vanlege hushaldsavfallet; våtorganisk avfall, papp, papir, drikkekartong og restavfall er det utdelt dunkar. For plastemballasjen vert det nytta spesiallaga perforerte sekker. Dei som komposterar må skaffe kompostbinge sjøl, men får refundert kr. 1000 (pr. 01.01.10) av IHM ved framlagd kvittering. I tillegg får dei som komposterar redusert avfallsgebyr.
 
Hushaldsavfallet vert henta på faste ruter og dei ulike rutene har ulike dagar for tøming.
 
Bringeordningar
IHM har rundt 40 containerar for glas- og metallemballasje rundt i kommunane. Andre avfallstypar som  elektrisk- og elektronisk avfall (EE-avfall), farleg avfall, trevirke, jern og metall osb. må leverast til miljøstasjonane i kommunane.
 
IHM sitt avfallsanlegg på Voss er eit viktig knutepunkt for vidaretransport av avfall til gjenvinning. IHM har avtalar med verksemder i Noreg, Norden og Europa som syter for avsetnad på avfallstypane som vert utsortert.
 
Til tross for god kjeldesortering og aukande gjenvinningsgrad veks den totale avfallsmengda. Dette er eit av vår tids største miljøproblem. Ein viktig oppgåve for IHM er å vera ein pådrivar for å redusere avfallsmengdene i regionen!
 
For meri informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:
- Innsamlingsforskrifta (PDF 57kb.)
- Gebyrforskrifta. (PDF 85kb)


HUSHALD
 
HENTEORDNINGAR
 
BRINGEORDNINGAR