Bruk den spesiallaga sekken til å samle plastemballasje i. Sekken er laga slik at du kan knyte godt igjen på toppen. Han er og perforert, gjennomhola av små hol, slik at han tåler presset han vert utsett for i bilen som hentar papir og plast. Dersom andre sekker vert nytta kan dei sprekke slik at alle plastbitane vert blanda med papiret, og vi får ein umogleg sorteringsjobb. Renovatørane kan derfor ikkje ta med seg slike sekker sjølv om dei er fulle av plast!
1. Fjern materialar som t.d. papir og metall (etikettar kan du la vera på)
2. Skyll bort matrestar m.v. for å unngå luktplager i kjøkkenbenken og på sorteringsanlegget
3. La plasten tørke
4. Legg emballasjen i den blanke sekken
5. Plasten skal liggje laust oppi sekken, ikkje i ein berepose
|
Ja takk! |
Nei takk! |
|
- plastflasker
- plastkanner
- plastøskjer og plastboksar
- plastbeger
- folie og bereposar |
- plastflasker / -kanner det har vore
farleg avfall på
- tilgrisa plast
- plast som ikkje er emballasje
(t.d. leiker, hagemøblar, kulepennar) |
NB! Hugs å skru av alle korkar - korkane går i plastsekken saman med emballasjen
Når sekken er full må den knyttast godt att (ellers vert plasten blanda med papiret i bosbilen). Det er viktig at det ikkje er fukt i sekken. Då kan papiret verte øydelagt! Set sekken ut saman med papirdunken hentedagen.

Plasten frå hushalda vert samla på IHM sitt avfallsanlegg på Voss før den vert transportert til mottaksanlegg i Trondheim. Plast av god kvalitet vert materialgjenvunne, og får nytt liv som fleeceklede, møblar, leiker, bereposar, avfallssekkar o.s.b. Den dårlegaste plasten går til energiutnytting, og erstattar olje og kol som brensel i industrien. Plastretur garanterar at all innsamla plastemballasje går til gjenvinning.
Slik får du tak i nye sekker til plastemballasje:
1. Heng lapp med melding på papirdunken (blå) når du set dunken fram. Hugs å ta omsyn til værmeldinga! Du kan til dømes leggje lappen inni ein gjennomsiktig plastpose som du bind fast til dunken. På finværsdagar held det å tape ein lapp til dunken når du sett han fram. Du vil då få ny rull med sekker.
2. Ta kontakt med tenestetorget i kommunen din, miljøstasjonen i kommunen eller IHM sitt avfallsanlegg på Voss.
3. Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi kan du og spørje om å få ein ny rull.
Lukke til - og takk for din innsats for eit betre miljø.