IHM

Om Indre Hordaland Miljøverk

IHM er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane:

Selskapet vart danna i 1994. Det som utløyste behovet for eit interkommunalt renovasjonsselskap, var dei statlege krava som vart sett til kommunane med omsyn til miljø og kompetanse på byrjinga av nittitalet. Selskapet arbeider med innsamling, tilrettelegging av sorteringsløysingar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall, og har i dag 29 tilsette. IHM samlar inn avfall frå rundt 9000 hushald og 5000 hytter. Til saman er det 22.000 innbyggjarar i kommunane. IHM tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. Selskapet driv og haldningsskapande arbeid for å fremje avfallsreduksjon og kjeldesortering og tilbyr opplegg for skuleklassar og andre i våre eigarkommunar.

Våre kommunar dekkjer eit område på ca. 6000 km2 og strekk seg frå Hardangerfjorden i sør til Sognefjorden i nord og Hardangervidda med Finse og Hallingskarvet i aust. Med fjordar og høgfjell, veglause samfunn og utfordrande klima, byr dei naturgjevne rammevilkåra på utfordringar i kvardagen.

Hardanger- og vosseregionen er ei nasjonal naturperle med sterke kulturelle særpreg der verksemd og aktivitet knytt til desse særtrekka har lange tradisjonar.

Arbeidet i regionen har historisk vore tilpassa ein nøysam bruk av ressursar, og IHM ønskjer å ivareta desse tradisjonane. I eit breiare perspektiv vil IHM samarbeide med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen.

Tre lokalaviser dekkjer regionen: Hardanger Folkeblad, Hordaland Folkeblad og Hordaland

Visjon

IHM – på naturen si side.

Forretningsidé

Forvalte og ta vare på verdiane i avfallet i eit ressurs- og klimaperspektiv - trygt, effektivt og økonomisk.

Politikk

Kvalitetsbevisst forvaltar og tenesteytar som arbeider for naturmiljøet sitt beste og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss