IHM

Innføring av ny henteordning

IHM vil i løpet av hausten 2018 starte innsamlingsruter for glas- og metallemballasje. Når den nye ordninga er innført vil dei eksisterande bringepunkta verte avvikla.

Dette skal oppi dunken:

 symnbol glasemballasje  Glasemballasje - Glasemballasje frå mat- og drikkevarer. Klar og farga glasemballasje som flasker, syltetøyglas m.m
 metallemballasje  Metallemballasje – Metallemballasje frå mat- og drikkevarer. Hermetikkboksar, drikkeboksarutan pant, aluminiums- folie, -beger og -behaldarar inkl. telyshaldarar i aluminium.

 

Dette skal ikkje oppi dunken:Oda glas og metallemballasje dunk copy
Glas og metall som ikkje er emballasje. Steintøy, eldfaste former, steikepanner, gryter, keramikk, porselen, krystall, knuste glasruter o.l., omnsglas
NB! Medisinflasker må leverast i retur til apoteket!

Gjenstandar som ikkje passar i det runde innkastet på loket skal ikkje oppi dunken!

 

 

Ver klar over at:
• Innføring av den nye ordninga medfører ikkje endring i gebyret
• Tøming av dunkane vert starta opp hausten 2018. IHM si heimeside vert fortløpande oppdatert.

 

 

- Visste du at…

Det er eit stort potensiale for å spare energi ved gjenvinning av glas- og metallemballasje. Til dømes reduserer ein energibruken med 90% ved å produsere aluminium frå gjenvunne materiale framføre jomfrueleg materiale. For kvart kilo produsert aluminium sparar ein 10 kg CO2 ekvivalentar. I tillegg sparar vi jomfruelege ressursar som det er knappheit på.

Infoskriv_utrulling_henteordning.pdf

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss