Bruk miljøstasjonane:
Vi oppmodar deg til å sortere avfallet ditt med tanke på gjenbruk og gjenvinning og til å bruke miljøstasjonen. Kvar og ein av oss har og eit ansvar for at farleg avfall ikkje kjem på avvegar. Leverer du farleg avfall og EE-avfall til miljøstasjonen, er du sikker på at det vert teke hand om på forsvarleg vis. 
 Avfall til gjenvinning
 - Glas- og metallemballasje
 - Papp, papir, drikkekartong
 - Plastemballasje
 - Isopor (EPS)
 - Bioavfall
 - Klede, sko
 - Landbruksplast
 - Jern, metall
 - Trevirke (behandla og ubehandla)
 - EE-avfall
(elektrisk og elektronisk
  avfall inkl. kvitevarer)
 Avfall til deponi:
 - Møblar/inventar
 - Eternitt
 - Restavfall
 Anna avfall: 
 - Farleg avfall
 - Trykkimpregnert materiale
 - PCB-haldige vindauge
* På IHM sitt avfallsanlegg på Voss kan du og levere hageavfall
 
Det meste er gratis
Med unntak av restavfall, bioavfall, trevirke, eternitt, trykkimpregnert materiale og pcb-haldige vindauge er det gratis for privatpersoner å levere avfall på miljøstasjonen. Avfallstypane du må betale for vert prisa etter vekt. Ta kontakt med IHM 56 52 99 00.
 
Miljøstasjonane er ein viktig del av IHM sitt tilbod til abonnentane (hushald, fritidsbustad og næring). På miljøstasjonen sorterer du sjølv avfallet du har med deg. Dersom du er i tvil om noko, spør om hjelp.