IHM

Kompostering

Alt organisk avfall frå kjøkkenet kan komposterast, og du får flott næringsrik jord tilbake.


Korleis starte opp?

Kontakt IHM for:

  • søknad om heimekompostering
  • for kjøp av kompostbinge
  • for kurs og rettleiing


Grunnreglar for kompostering

Følgjande er avgjerande for eit godt resultat:

  1. Ein lyt få praktisk opplæring før ein går igang med å kompostera.
  2. Riktig strø og riktig bruk av strø er nykkelfaktorar.
  3. Kompostbingen må være godt isolert og ha eit godt luftesystem.
  4. Kompostbingen må ha ein tett og solid innerboks som toler eit greip.
  5. Lokket på bingen bør slutte til, slik at fluger ikkje kan leggje egg mellom lokket og bingen.
  6. Ved tømming av bingen, bør det øverste laget som ikkje er ferdig råkompost danne startmaten ved neste oppstart.
  7. For å halde ein jamn temperatur, må ein "fore" bingen 2 gonger i veka.
  8. Eit greip er eit nadsynt reiskap ved heimekompostering.
  9. Omrøring er svært viktig.

Full omrøring av dei øverste 30 cm ein gong i veka, før du legg i nytt avfall (evt. annakvar veke).


Redusert gebyr for abonnentar som heimekomposterar

Dei som komposterar må skaffe kompostbinge sjøl, men får refundert kr 1000 av IHM ved framlagd kvittering. Dette gjeld berre ved 1. gangs kjøp! Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot. Gebyret vert òg redusert.

 

Bruk av ferdig kompost

  1. Bland komposten med jord eller sand
  2. Plant ikkje i rein kompostjord, då den er for sterk for dei fleste plantar
  3. Brukartips: Nylagd bed eller plen: 1 del kompost 5 deler mager jord


Jordforbetring

Gjødsel: 10 liter kompost pr. m2, blandes lett
Blombed: 3 - 10 liter kompost pr. m2 pr. år i overflata
Blomkasse: 1 del kompost 3 - 5 deler sand eller mager jord
Planting av tre: 1 del kompost 5 deler sand eller mager jord kring røtene


Vossacompen og cipax kompen

Vossakompen er ein vêrbestandig og god kompostbinge for heimekompostering produsert hjå Kveik. For kjøp av Vossakompen, kontakt Kveik, tlf. 56 52 08 60 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Vil du vite meir om Cipax Kompen og kompostering kan du laste ned fylgjande produktark:

pdfCIPAX KOMPEN, produktfakta

pdfCipaxkompen-rettleiing-2014.pdf

IHM forhandlar Cipaxbingen. Prisen er kr 4019,- inkl. mva. (3019,- ved 1. gongs kjøp).

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss