Kompostering
Alt organisk avfall frå kjøkenet kan komposterast, og du får flott næringsrik jord tilbake.
Vil du vite meir om Cipax Kompen og kompostering kan du laste ned fylgjande produktark:
 


KORLEIS STARTE OPP?
Ta kontakt med IHM for informasjon om:
- Avtale om heimekompostering (gjev redusert avgift)
- Kjøp av kompostbinge 
- Kurs og rettleiing
 
 GRUNNREGLAR FOR KOMPOSTERING
 
Følgjande er avgjerande for eit godt resultat:
  1. Ein lyt få praktisk opplæring før ein går igang med å kompostera.
  2. Riktig strø og reiktig bruk av stø er nykkelfaktorar.
  3. Kompostbingen må være godt isolert og ha eit godt luftesystem.
  4. Kompostbingen må ha ein tett og solid innerboks som toler eit greip.
  5. Lokket på bingen bør slutte til slik at floger ikkje kan leggje egg
    mellom lokket og bingen.
  6. Ved tømming av bingen, bør det øverste laget som ikkje er
    ferdig råkompost danne startmaten ved neste oppstart.
  7. For å holde ein jamn temperatur, må ein "fore" bingen 2 gongar i veka.
  8. Eit greip er eit nadsynt reiskap ved heimekompostering.
  9. Omrøring er svært viktig.
FULL OMRØRING AV DEI ØVERSTE 30 cm EIN GONG I VEKA, FØR DU LEGG I NYTT AVFALL (evt. annakvar veke).
 
SLIK LAGER DU GOD KOMPOST
Det finst fleire måter å kompostere på, men grunnprinsippa er dei same for all kompostering.
Nedbrytingsprosessen er hovudsakleg avhengig av fire faktorar.
 
1. Lufttilgang
Det er naudsynt at heile komposten har rikeleg tilgang på oksygen. Når lufttilgangen blir dårlig, vert avfallet brote ned av ein type mikroorganismar som greier seg utan luft. Dette er forråtnelse og ikkje kompostering.
 
Ved forråtnelse dannes m.a. metan, lystgass og hydrogensulfid. Resultatet er at at komposten byrjar å lukte ubehagelig. Dette betyr i praksis at kjøkkenavfallet må blandes med tørr grov stø, (t.d. kutterspon) slik at komposten blir porøs nok til at luft kan passere gjennom heile komposten.
 

2. Fuktigheit
Ein kompost er heilt avhengig av fuktigheit. Dersom komposten tørker ut, stopper nedbrytingsprosessen. Det må heller ikkje være for mykje vatn i komposten. Då stenger vatnet oksygenet ute, og komposten vil byrje å lukta vondt. Ein kompost skal vera være fuktig, men ikkje våt.

3. Forholdet mellom karbon og nitrogen (C/N-forholdet)
Treverk, stilker og anna grovt hageavfall inneheld mykje karbon og lite nitrogen.
Kjøkkenavfall inneheld mykje nitrogen. Næringsinnholdet i avfallet som komposterast er avgjerande for resultatet.
 
Forholdet mellom desse to grunnstoffene er avgjerande i nedbrytingsprosessen. Ideelt bør det være 20 - 30 deler karbon for kvar del nitrogen. Dette høyrest vanskeleg ut, men i praksis er det enkelt.

Når det er for lite nitrogen (næringsrikt matriale) vil ikkje mikroorganismane kunne utvikla seg, og nedbrytinga går svært sakte. For mykje nitrogen er det når mikroorganismane ikkje klarer å bruka alt til eiga vekst. Det dannes då ammoniakk og andre illeluktane gassar.

I praksis må minst 25 % av det du leggjer i komposten være tørr næringsfattig strø.
 
 
4. Temperatur
Nedbrytingshastigheita er heilt avhangig av temperaturen.  Nedbrytinga går best når temperatur ligg mellom 30-50 grader. Det er ein fordel at komposten held over 45 grader, då flogene ikkje toler temperaturen. I ein god varmekompost kan temperaturen komme heilt opp i 70 grader, men då stoppar prosessen opp.

I ein vanleg hagekomposthaug går nedbrytinga fint om somaren, men om vinteren vil den fryse, og komposteringsprosessen stopper heilt opp. I ein isolert kompostbeholder vil varmen frå sjølve nedbrytingsprosessen halda temperaturen oppe, dersom det vert tilført avfall jamnleg.

Ved temperatuar over 50 grader vil dei fleste sjukdomsorganismar og ugrasfrø bli uskadeleggjort. Sjukdomsorganismar utryddast som regel og ved lågare temperaturar, då dei er dårleg tilpassa livsmiljøet i komposten.



KOMPOSTERING STEG FOR STEG
1. Botnlaget
25 - 30 cm luft og drenselag
- småkvistar
- stauder
- røsslyng
 
2. Eit avisark
perforert med 100 - 200 hol
 
3. Grov strø
5 - 10 cm (må væra tørr)
 
4. Tøm avfallet i midten
Her er temperaturen høgast
 
5. Legg litt strø rudt i kantane
Strøet tek opp veske
 
6. Legg strø over
Tar opp damp og lukt
 
7. Neste gong ein legg i avfall
- Grav ei grop i midten.
- Legg avfallet i gropa.
- Dekk over med strø.
 
8. Full omrøring av dei øverste 30 cm. ein gong kvar veke (evt. annakvar).
 
 
KVA KAN KOMPOSTERAST?

Kan komposterast
- Restar av brød, kaker og andre kornprodukter
- Restar av kjøtt og fisk
- Sausar, supper, mjølk, ost, marmelade m.m.
- Grønsaker, bær og frukt
- Tørkepair og serviettar (små mengder)
- Kaffegrut, teposar og eggeskal (knus helst eggeskala)
- Pairbleier som ikkje er belagt med plast
- Potteplanar som det ikkje har vore brukt sprøytemiddel på
- Kylling-bein, fiske-bein, kjøtt-bein

Hageavfall
- Lauv og gras i små mengder.
- Greiner (små og eller oppdelte)
- Spon og flis av lauv og bartre
- Bark og gras av jordtorv
- Ugras og prydplanter
- Husdyrgjødning
- Blader og ris frå grønsaker
Det bør ikkje væra over 20 % hageavfall
i kompostbingen
 
Kan ikkje komposterast
- Plast, glas og metall
- Plast og metallbelagt pair
- Kulørt og eller glansa pair
- Isospor
- Garva skinn og lervare
- Porselen, fajanse, krus og glasert potteskår
- Gummi og gummierte tekstilar
- Støvsugarposar og husstøv
- Inpregnerte og antiråtebehandla teksilar
- Tekstilar av kunstfibre
- Bord, plank og flis av trykkinpregnert matriale
- Store greiner, bitar av plank og bord m.m. som er for store til at formoldinga går fort nok
- Stumpar av sigaretter og sigarettoske, oske frå ovn
- Petroliumsprodukt, måling, lakk m.m.
- Kjemikalier
- Vaskemiddel, vaskefiller
- Restar av medisin
- Forureina pair og pussegarn
- Sagmugg, flis, bord og plank som har vore behndla med måling, beis, lakk m.m.
BRUK AV FERDIG KOMPOST
 
1. Bland komposten med jord eller sand
2.Plant ikkje i rein kompostjord då den er for sterk for dei fleste plantar
3.Brukertips: 
-Nylagd bed eller plen: 1 del kompost 5 deler mager jord 
 
Jordforbetring   
- Gjødsel: 10 liter kompost pr. m2, blandes lett 
- Blombed: 3 - 10 liter kompost pr. m2 pr. år i overflata 
- Blomkasse: 1 del kompost 3 - 5 deler sand eller mager jord 
- Planting av tre: 1 del kompost 5 deler sand eller mager jord kring røtene

PROBLEM MED KOMPOSTERINGA?
  1. Komposten blir ikkje varm/stoppar opp
  2. For lite næringsrikt materiale
  3. Mugg og sopp
  4. For stort varmetap
  5. Manglande lufttilgang
  6. Lukt
  7. Skadedyr
Dersom det er noko du lurar på: kontakt John Olav Gjøstein v/IHM på tlf. 56 52 99 00 eller epost: johnolav@ihm.no
 
1. Komposten blir ikkje varm/stoppar opp
Manglande varmegang kan ha fleire ulike årsaker.
For vått:
Du brukar for lite strø (sjå under sur lukt)
 
For tørt:
Kanskje tillset du for mykje strø.  Rett mengd er som oftast 1 del strø til 2 eller 3 deler matavfall. Bland i fuktig matriale eller vatn forsiktig (tilpass mengda etter kor mykje det er i bingen). Pass på at kondensvatn frå loket renn tilbake i komposten. Det er ein fordel å bruka innerlokk, då ein held betre på fuktigheita.
 
2. For lite næringsrikt materiale
Ved mykje grovt og tungt nedbrytbart materiale, kan det bli for lite næring til mikroorganismane. Tilsett meir næringsrikt kjøkkenavfall. Det er mogleg å hjelpa prosessen med å tilsette sukker og/eller nitrogen. Sukkerlake eller urin (nitrogenholdig) er godsaker for komposten.

3. Mugg og sopp
Det treng ikkje være noko alvorleg feil, men det er eit tegn på at komposten er i ferd med å bli for tørr.
Uttørking er vanleg på toppen av ein varm kompost. Når komposten ser ut som oske, er dette sopp. God kompost skal sjå meir grynete ut (sjå under for tørt).

4. For stort varmetap
Beholderen kan isolerast betre.
Rommet som må varmes opp kan minskes ved å bruke innerlokk.
(isolasjonsplate direkte på kompostern)
 
Det er ingen krise om komposten frys, den vil tine til våren og prosessen vil komme igang igjen. Når det blir varmt i været bør loket stå opent ellers vil behaldaren virka som eit kjøleskap, og isklumpen vil halda seg langt utover sommeren
Ønsker du å tine komposten om vinteren, vent til det blir "berre" 5-6 minusgrader. Fyll fleire store plastflasker med godt varmt vatn og legg dei direkte på komposten, legg så innerlokket oppå. Byt flaskene kveld og morgon til komposten kjem igang.Tilsett 1-2 liter varmt vatn, med 100-200 gram sukker (sukkerlake) 1-2 dager etter du har start med tininga.

5. Manglande lufttilgang
Komposten er avhengig av tilgang på luft frå botnen av bingen. Dersom ein ikkje startar rett med botnlaget, kan lufttilgangen verta hindra. Ein må og bruke grov strø (kutterspon o.l.). Dersom ein bruker sagmugg, flis frå motorsag o.l. vert lufttilgangen for liten. Det er viktig å røre i dei øverste 30 cm, ein gong i veka, for å sleppa lufta lettare gjennom, og for å fordela fuktigheita. Dersom ein bruker for lite strø vil dette hindre lufttilgangen. Rett mengd strø er oftast 1 del strø til 3 deler matavfall.

6. Lukt
Ein kompost vil alltid lukte litt. Dersom lukta blir sjenerande utenfor bingen, er det noko galt.

Sur lukt:
Sur lukt oppstår når komposten ikkje får nok luft.
I ein svært fuktig kompost vil ikkje luft sleppa til, og nedbrytinga vil gjeva sur lukt. Den vanlegaste feilen er at det er brukt for lite strø.
Strø kan leggjast på toppen og fange opp kondensvatnet. I alvorlige tilfeller må heile komposten vendast eller rørast rundt, og blandast med strø. Komposten skal være fuktig, men ikkje kliss våt som sur myr. Det er vanleg at komposten luktar litt surt før det vert varmgang i den. Tar det for lang tid før det blir varmgang, er den vanlegaste årsaka at komposten er for våt. Bruk strø.
 
Urinlukt (ammoniakk):
Ved kompostering av mykje næringsrikt materiale, vil det verta frigitt meir nitrogen enn det mikroorganismane treng til eigen vekst. Det overflødige nitrogenet fordamper som ammoniakk og gir ein sterk, stikkande lukt. Denne lukta får ein vekk med å blande inn næringsfattig strø. Strøet kan blandes inn i komposten eller leggjast på toppen som eit fleire cm. lag.

Lukt på kjøkkenet:
Problemet med lukt frå avfall til kompostering, er verken større eller mindre enn luktproblema frå blanda avfall som vert samla på kjøkkenet. Tøm oppsamlingsspannet oftere. For å unngå problemet kan ein bruke eit lite oppsamlingsspann. Ein to liters isboks er full daglig eller annankvar dag. Det er ofte sigevatn som er årsak til lukt. Legg litt strø i botnen av spannet.

7. Skadedyr
Rotter og fugler skal ikkje matast frå komposten. Ved bruk av godkjent kompostbinge er dette ikkje noko problem.

Floger:
FRUKTFLOGER
Dette er små floger som legg egg i fruktavfall. Flogene held seg i umiddelbar nærheit av komposten. Skulle svermen av små svarte "prikker" verta plagsom bør ein gå til mottiltak.

SPYFLOGER
Dette er store, glinsande og feite floger. Spyflogene vært fyrst og fremst tiltrekt av fisk og kjøttavfall. Larvane er små makk (kvit makk). Klekking av spyfloger bør ikkje forekomma i komposten.

Førebyggjande tilltak:
Dekk til ferskt avfall i komposten. Ved større mengder kjøtt og fisk kan det strøast litt jord over, dersom det er fare for for floge angrep. Ver oppmerksom på at eggene kan klekkast i sprekker, under lok og i soner med egna temperatur. Sørg for godt reinhald rundt loket.

Løysing av problem med floger og larver
Skulle ein få problem med lukt frå komposten, kan ein og få problem med floger og flogelarvar. Det kjem av at flogene kjenner lukta og oppsøkjer bingen for å finne mat, og leggja egg. Bingane er sjeldan så tette at flogene ikkje kjem inn. Det er då viktig at temperaturen er over 45 grader, slik at dei ikkje overlever. Har ein fyrst fått flogelarvar i komposten er temperaturen for låg. Ein må då få den over 45 grader for å verta fri dei.

Oppskrifta er:
  1. Bland opp kompostmassen med strø til han vert porøs og luftig.
  2. Kok opp 2-5 l. vatn med 2-5 nevar med sukker. (mengda må tillpassast mengda kompost i bingen)
  3. Tøm det kokande sukkervatnet jamnt fordelt over kompostmassen.
  4. Dekk komposten med eit lag avispapir, og sjå til at dei er tett langs kantane. Dekk langs kantane med strø.
Etter 3-5 dagar er larvane komposterte.
 
Ei skei saltpeter pr. liter vatn gjev same nytta som sukkervatn.
 
Følgjer ein oppskrifta for kompostering, vil ein ikkje få problem med floger avdi temperaturen i ein veldreven kompostbinge drep flogelarvane.


HUSHALD
 
HENTEORDNINGAR
 
BRINGEORDNINGAR