IHM

Krav til avfallsprodusent

Det vert stilt krav til avfallsprodusent som leverer avfall direkte til deponi. Avfallet skal basiskarakteriserast med omsyn til innhald (avfallsforskrifta, kap. 9). Kundar som leverer avfall direkte til deponi må gjennomføra ei slik karakterisering.

Avfallsprodusent er ansvarleg for å vita kva avfallet inneheld av mogeleg forurensing. Desse opplysningane skal leverast IHM ved kvar leveranse.

Merk at basiskarakteriseringa skal godkjennast av IHM før deponering.

For dei av våre kundar som leverer avfall til komprimatorbil, eller blanda avfall til sortering, gjeld ikkje kravet om basiskarakterisering. Vert avfallet handsama eller sortert av IHM, er det IHM som vert rekna som avfallsprodusent.

IHM kan i dag deponere avfall i tre kategoriar:

  1. Ordinært avfall: Hovudkravet er at avfallet ikkje inneheld farleg avfall. Sjå kapittel 11 i avfallsforskrifta.
  2. Inert avfall: Kravet er at avfallet ikkje inneheld farleg avfall, og at utlekkingseigenskapane ikkje går over verdiane gitt i vedlegg II til kapittel 9 i avfallsforskrifta
  3. Farleg avfall som er stabilt og ikkje reaktivt: Må og tilfredsstilla grenseverdiane i punkt 2.3.1 og 2.3.2 i vedlegg II.

Avfall som skal deponerast som ordinært avfall skal ha hatt ei form for handsaming. Sortering er eit døme på dette. Einsarta fraksjonar skal ikkje verta ureina under produksjonsprosessen.

Krava til karakterisering heng saman med kva type prosessar som skaper avfallet. Vanleg restavfall har mindre krav enn når det til dømes er kjemiske prosessar som skapar avfallet.

For meir informasjon om basiskarakterisering, sjå:

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss