IHM

Landbruk

LANDBRUKSPLAST

På avfallsmottaket på Voss kan du levere landbruksplasten heile året, men vi oppmodar til å levere i løpet av mai månad. Innsamlinga vert annonsert på heimeside og oppslag miljøstasjon. I år vert det høve til å levere landbruksplast til miljøstasjonane i opningstida, i veke 21 (Utne, Ulvik og Granvin) og veke 22 (Eidfjord, Jondal og Kinsarvik). Kvaliteten på den innsamla landbruksplasten er framleis svert varierande. Her må me verte betre til å sortere! Dette er viktig for at innsamlingsordninga skal kunne halde fram slik som no.

Dersom du lager eit sorteringssystem som fungerer godt, vert sorteringa enklare og kvaliteten på plasten betre.

Me minner om sorteringskrava. Landbruksplasten skal sorterast i to fraksjonar:

• Rundballesekker, emballasjesekker, innersekk i storsekk, krympeplast, bobleplast, rundballefolie, klebe-/strekkfolie

• Voven yttersekk

Det er viktig å sortere frå nylonnett og tauverk. I den grad det er mogeleg ber vi og om at plasten er rista rein for jord, stein, streng, plankar og liknande.

JERN OG METALL

Skrapmetall frå landbruksnæringa kan leverast til IHM sine miljøstasjonar heile året. Vi kan betale for skrapmetall etter nærare avtale når metallprisindeksen tillet det. Større mengder skrapmetall kan hentast gratis etter avtale.

FARLEG AVFALL

Farleg avfall skal handsamast forsvarleg. Alle som oppbevarer, transporterer eller handsamar farleg avfall, skal treffe naudsynte tiltak for å unngå fare for forurensing eller skade på menneske eller dyr.

Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall. Ulike typer farleg avfall skal ikkje samanblandast dersom dette kan føre til fare for forurensing, eller skape problem for den vidare handsaminga av avfallet.

LEVERINGSPLIKT

Verksemder hvor det oppstår farleg avfall, skal levere dette til den som etter § 11-6 og § 11-7 (i avfallsforskrifta) kan håndtere avfallet. Det farlege avfallet skal leverast minst 1 gong per år. Leveringsplikt inntrer ikkje før den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg.

Dersom verksemder vert lagd ned eller får driftsstans utover 3 månader inntrer leveringsplikten umiddelbart.

IHM har alle naudsynte konsesjonar og godkjenningar for å ta imot farleg avfall. Ta kontakt for gjennomgang av behov og vurderingar i samsvar med gjeldande reglar og forskrifter.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss