IHM

Ledig stilling: Prosjektleiar - biogass

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med avfallsløysingar for abonnentar og kundar: Innsamling, tilrettelegging av sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og slutthandsaming av avfall. Me samarbeider òg med aktuelle aktørar for å vidareutvikla dei naturlege ressursane i regionen. IHM er sertifisert etter ISO-9001/14001 og OHSAS-18001.

Prosjektleiar 
- biogass

I Voss kommune sin nye klima- og energiplan er det vedteke at tidlegare gjennomført forprosjekt for biogass basert på biologiske avfallsressursar, skal takast vidare mot realisering. Dette arbeidet blir vidareført av IHM i samarbeid med Voss kommune. Med bakgrunn i dette søkjer me etter den rette personen til å arbeida med framtida for biogass på Voss.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektstyring i tett samarbeid med IHM sin rådgjevar for dette prosjektet
  • Utgreia ulike tekniske løysningar for biogassanlegg, og tilrå ei løysing for vidare prosjektering
  • Skissera avtalar med produsentar/leverandørar av råstoff, og med mottakarar om bruk av biorest 
  • Utforma ein plan for verdistraumar, tilgang på råstoff og avsetnad for sluttprodukt
  • Utgreia struktur for eigarskap 
  • Utarbeida økonomisk kalkyle og finansieringsplan

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innanfor biologiske-, kjemiske- eller tekniske fag
  • Erfaring med biogassanlegg er ynskjeleg, og kan kompensera for manglande formell kompetanse
  • Sjølvstendig i arbeid
  • Engasjement for å arbeida med miljøretta prosjekt
  • Gode evner til å skapa samarbeid, relasjonar og engasjement

Stillinga gjeld eitt års engasjement. Kontorstad vil vera ved IHM sitt kontor på Voss. Vidare engasjement kan bli aktuelt. Spørsmål kring stillinga rettar du til Gunnar Bråten på 911 79 820 eller Øyvind Birkeland på 901 26 396. 

Målsettinga for prosjektet er å utarbeida eit grunnlag for avgjerd om ei eventuell realisering. Stillinga er finansiert med midlar frå Voss kommune, Miljødirektoratet, Hordaland Fylkeskommune og IHM.

Søknad med CV og attestar sender du til: Indre Hordaland Miljøverk IKS, postboks 161, 5701 Voss, eller til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 15. august.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss