IHM

Medeigar

Retura
Rekom
Hordaland bioenergi

Retura er ei franchisebasert kjede som består av 23 eigarselskap, interkommunale og private. IHM er eitt av dei. Med mange hundrede tilsette og ei omsetnad på om lag 1,5 mrd. er Retura ein av dei største aktørane i landet i vår bransje.

Retura er ein leiande leverandør av avfallstenester til næringslivet og tek imot alt avfall frå alle bransjer, over heile landet. Ingen dekkjer landet betre enn Retura, og når du vel å samarbeide med eit Returaselskap får du lokalkunnskap med på kjøpet.

Kundeporteføljen til Retura omfattar alt frå landsdekkande avtalar med store aktørar, til profesjonelle lokale løysingar for mindre enkeltståande verksemder. Selskapet er medviten sin rolle som miljøansvarleg og arbeidar for å finne dei beste gjenvinningsløysingane og førebyggje forurensing. Retura sitt slagord er «Eit miljø i balanse».

Rekom er ein uavhengig aktør i avfallsbransjen. Kundane er kommunale og interkommunale selskap, men og private verksemder. Rekom opptrer fyrst og fremst som uavhengig meklar for leverandørar og oppkjøparar av produkt innan avfall og gjenvinningsmaterialar.

Rekom har høg fagleg kompetanse og er til ein kvar tid oppdatert på endringar i lovar og forskrifter. I tillegg har Rekom god oversikt over marknadssituasjonen innan dei ulike produktområda, noko som sikrar kundane dei beste løysningane økonomisk og miljømessig.

Hordaland Bioenergi AS er eit nyskipa selskap eigd av Voss Energi AS, Indre Hordaland Miljøverk IKS og Voss Bioenergi AS. Hordaland har store skogsressursar og selskapet skal bidra til framtidsretta ressursutnytting og lokal verdiskaping gjennom auka hogst og inntening for lokale skogeigarar. Selskapet skal vere ein føretrekt samarbeidspartnar i samband med bygging og drift av varmesentralar, samt produksjon og levering av kvalitetsflis. Selskapet har forretningskontor i Voss kommune.

 

 

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss