IHM

Bygg og anlegg

 

BYGGE- OG ANLEGGSAVFALL

Bygg- og anleggsavfall er i dag ein av dei største avfallsstraumane våre. Kvart år oppstår om lag 1,5 millionar tonn avfall frå nybygg, rehabilitering og riving. Ein god del av dette avfallet, som betong, tegl, tre, plast og metall har eit stort potensiale for ombruk, materialgjenvinning eller energigjenvinning. I tillegg inneheld BA-avfall store mengder miljøskadelege og giftige stoff som bromerte flammehemmarar, ftalatar, fluorhaldige gassar, kvikksølv og andre tungmetall, klorparafinar, PCB og treimpregneringsmiddel. Meir informasjon om bygg- og anleggsavfall finn du her.

KRAV OM AVFALLSPLAN OG MILJØSANERINGSBESKRIVING

For å sikre at det farlege avfallet vert teke hand om på ein trygg og sikker måte og at ressursane i avfallet går vidare i kretslaupet, har myndigheitene sett krav til utarbeiding av avfallsplan og ev. miljøsaneringsbeskriving i bygge- rehabiliterings- og riveprosjekt (heimla i byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven, TEK 10 § 9-5 til § 9-9 frå 1. juli 2010) samt Forskrift om byggesak (SAK 10 § 12-2 - § 12-4 frå 1. juli 2010).

Avfallsprodusenten (tiltakshaver og ansvarlig utførende) er ansvarlig for at alt bygg- og anleggsavfall blir disponert på lovlig måte og må utarbeide oversikt over avfallsmengder som vil oppstå, og korleis avfallet skal handterast. Planen skal utarbeidast før igangsetting og kunne synast ved kommunal kontroll. Etter at prosjektet er avslutta, skal avfallshandsaminga dokumenterast særskild. Sluttrapport skal sendast kommunen i lag med førespurnad om ferdigattest.

Avfallsplan skal utarbeidast for alle nybygg over 300 m2 BRA, vesentleg endring/reparasjon der del av bygning over 100 m2 BRA , riving av bygning/del av bygning over 100 m2 BRA, og der mengda avfall frå anlegg og konstruksjonar overstig 10 tonn. Tiltak som omfattar fleire bygningar, konstruksjonar, eller anlegg, skal vurderast under eitt.

Ved endring eller riving av eksisterande byggverk skal det utarbeidast miljøsanneringsbeskriving etter kartlegging av farleg avfall, jfr. forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) §11-4.

AVFALLSSORTERING

Minst 60 vektprosent av alt byggeavfall som oppstår skal sorterast i ulike avfallstyper og gå til godkjent avfallsmottak eller direkte til gjenvinning.

Har du spørsmål om bygge- og anleggsavfall - ta kontakt for rådgjeving.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss