Landbruksplast
I Eidfjord, Ulvik, Granvin, Ullensvang, Jondal og Voss vert det organisert innsamling av landbruksplast ein gong i året. Innsamlinga vert annonsert på førehand i lokalavisene Hordaland Folkeblad, Hardanger Folkeblad og Hordaland.

Kvaliteten på den innsamla landbruksplasten har vorten betre enn tidlegare på mange av mottaksplassane, mellom anna fordi fleire har vorte flinkare til å sortere ut nett og vovne yttersekker. Men framleis heng mange mottaksplasser etter når det gjeld kvalitet på den innsamla plasten. Her må me verte betre til å sortere! Dette er viktig for at innsamlingsordninga skal kunne halde fram slik som no.
Dersom du lager eit sorteringssystem som fungerer godt, vert sorteringa enklare og kvaliteten på plasten betre.
Me minner om sorteringskrava. Landbruksplasten skal sorterast i to fraksjonar:
- Rundballesekker, emballasjesekker, innersekk i storsekk, krympeplast, bobleplast, rundballefolie, klebe-/strekkfolie
- Voven yttersekk
Det er viktig å sortere frå nylonnett og tauverk. I den grad det er mogeleg ber vi og om at plasten er rista rein for jord, stein, streng, plankar og liknande.