IHM

Ny abonnent

Indre Hordaland Miljøverk er eit interkommunalt avfallsselskap, eigd av dei seks kommunane / herada: Eidfjord, Jondal, Voss, Granvin, Ullensvang og Ulvik. IHM har ansvaret for hushalds- og hytterenovasjonen i kommunane/herada.

Er du nyinnflytta i vår region kan renovasjonsordninga vere annleis enn du er van med. IHM var tidleg ute med kjeldesortering, og har gjennom mange år utvikla gode ordningar for ei miljørett handsaming av avfallet. Alle innbyggjarar er pålagde å følgje den renovasjonsordninga som gjeld i regionen.

Vi veit at god informasjon er avgjerande for at du som abonnent skal kunne gjere ein god jobb, difor har vi samla litt stoff vi meiner er viktig for deg som er ny, enten som fastbuande eller som hytteeigar. Utfyllande info finn du under Hushald og Hytte og i Innsamlingsforskrifta og Gebyrforskrifta.

Det er heimelshavar som må tinge abonnement, og som får faktura. Er du leigetakar, vert tinging og endring av abonnement eit tilhøve mellom deg og heimelshavar. Du kan likevel kontakte oss for spørsmål om ordninga.

Val av abonnement

Vår tanke er at det skal løne seg å tenkje miljø, dvs. produsere minst mogeleg avfall. Sjølvsagt varierar avfallsmengda etter tal på medlemer i husstanden, men vi finn også store skilnader mellom relativt sett like hushald. Det abonnementet flest hushald har, er småhushald med henting av restavfall og papp, papir og plast ein gong i månaden og bioavfall annankvar veke. Normalhushald har henting av rest- og bioavfall annankvar veke og papp, papir og plast ein gong i månaden. Begge desse abonnementa har 140 l behaldarar. Storhushald har same hentefrekvens som normalhushald, men 240 l bealdararar for restavfall.

Alle abonnementa gjev høve til å kompostere bioavfallet sjølv. Du må då inngå avtale med IHM, og får reduksjon i renovasjonsgebyret. Ved førstegongskjøp av kompostbinge kan du og få tilskott frå IHM. Les meir om kompostering her.

For tinging av abonnement og dunkar, send skjema eller ta kontakt med IHM på tlf. 56 52 99 00. Du får og ei startpakke med bio-bøtte (20l), rull med sekk til innsamling av plastemballasje, tømekalender m.m. For prisar sjå her.

Anna avfall som det ikkje er henteordning for må du levere ved returpunkt eller til miljøstasjonen. Elektrisk- og elektronisk (EE)-avfall kan og leverast til forhandlar.

Hytteeigarar må levere vanleg hushaldsavfall i hyttecontainerar. Større gjenstandar, EE-avfall, avfall frå bygge- og riveprosjekt og farleg avfall må leverast til miljøstasjonen, eller til forhandlar (EE-avfall).

Skjema ny abonnent

Foto: Svein Ulvund 

 

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss