Indre Hordaland Miljøverk (IHM)
IHM er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane:
 |
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| Eidfjord |
|
Granvin |
|
Jondal |
|
Ullensvang |
|
Ulvik |
|
Voss |
Representantskapet har 15 medlemmer: 5 frå Voss og to frå kvar av dei andre kommunane.

IHM ønskjer å gje eit miljørett og kostnadseffektivt tilbod på avfallstenester til alle i regionen.
Selskapet vil vere ein pådrivar for å redusere avfallsmengdene og for å fremje ei miljørett utvikling i regionen.
Hardanger- og vosseregionen er ei nasjonal naturperle med sterke kulturelle særpreg der verksemd og aktivitet knytt til desse særtrekka har lange tradisjonar. Arbeidet i regionen har historisk vore tilpassa ein nøysam bruk av ressursar, og IHM ønskjer å ivareta desse tradisjonane.
Målsetjinga er å vere ein seriøs aktør med tillit i marknaden. Forvaltningsoppgåvene skal ivaretakast på ein slik måte at kommunane får sine oppgåver løyste i samsvar med lovverket, og slik at brukarane opplever tilbodet som meiningsfylt.
I eit breiare perspektiv vil IHM samarbeide med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen.
IHM har eit moderne avfalls- og gjenvinningsanlegg på Bjørkemoen i Voss kommune. Her vert restavfall deponert medan andre avfallstypar vert levert vidare til gjenvinning. Metangass frå deponiet vert samla opp og brukt i ein gassmotor som produserer energi. Energien vert nytta til høgteknologisk membranrensing av sigevatnet frå deponiet og til lys og oppvarming på anlegget elles. Overskotet av el-krafta vert seld til Voss Energi.
Energi- og renseanlegget
Arbeid med opparbeiding av nytt deponi.
IHM har eigarinteresser i:
Foto: Svein Ulvund, Arnstein Karlsen, IHM
Illustrasjonar: Solveig Andersen, IBOX