IHM

Plastemballasje

Me brukar 100 000 tonn plastemballasje i Noreg kvart år. Halvparten av plasten vert brukt i norske hushald. For gjenvinne denne plasten treng vi di hjelp. Plastemballasjen som vert kasta i dag, kan verte verdifullt råstoff i produksjonen av ny plast. Kommunane i IHM var mellom dei fyrste i Hordaland som starta opp med å samle inn plastemballasje frå hushalda til gjenvinning.

Bruk den spesiallaga sekken til å samle plastemballasje i. Sekken er laga slik at du kan knyte godt igjen på toppen. Han er og perforert, gjennomhola av små hol, slik at han tåler presset han vert utsett for i bilen som hentar papir og plast. Dersom andre sekker vert nytta kan dei sprekke slik at alle plastbitane vert blanda med papiret, og vi får ein umogleg sorteringsjobb. Renovatørane kan derfor ikkje ta med seg slike sekker sjølv om dei er fulle av plast!

Slik gjer du:

1. Fjern materialar som t.d. papir og metall (etikettar kan du la vera på)
2. Skyll bort matrestar m.v. for å unngå luktplager i kjøkkenbenken og på sorteringsanlegget
3. La plasten tørke
4. Legg emballasjen i den blanke sekken
5. Plasten skal liggje laust oppi sekken, ikkje i ein berepose

NB! Hugs å skru av alle korkar - korkane går i plastsekken saman med emballasjen

Når sekken er full må den knyttast godt att (ellers vert plasten blanda med papiret i bosbilen). Det er viktig at det ikkje er fukt i sekken. Då kan papiret verte øydelagt! Set sekken ut saman med papirdunken hentedagen.

Plasten frå hushalda vert samla på IHM sitt avfallsanlegg på Voss før den vert transportert til mottaksanlegg i Tyskland. Plast av god kvalitet vert materialgjenvunne, og får nytt liv som fleeceklede, møblar, leiker, bereposar, avfallssekkar o.s.b. Den dårlegaste plasten går til energiutnytting, og erstattar olje og kol som brensel i industrien. Plastretur garanterar at all innsamla plastemballasje går til gjenvinning. Les meir om plastemballasje på Grønt punkt Norge.

Slik får du tak i nye sekkar til plastemballasje:

1. Heng lapp med melding på papirdunken (blå) når du set dunken fram. Hugs å ta omsyn til værmeldinga! Du kan til dømes leggje lappen inni ein gjennomsiktig plastpose som du bind fast til dunken. På finværsdagar held det å tape ein lapp til dunken når du sett han fram. Du vil då få ny rull med sekker.

2. Ta kontakt med tenestetorget i kommunen din, miljøstasjonen i kommunen eller IHM sitt avfallsanlegg på Voss.

3. Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi kan du og spørje om å få ein ny rull.

Lukke til - og takk for din innsats for eit betre miljø.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss