IHM

Renovasjonstenester hushald

IHM driv ei moderne avfallshandsaming der kjeldesortering står i fokus. Slik tek me vare på ressursane i staden for å gjere avfall til eit problem. Dette inneber innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei i underkant 9000 hushalda i regionen. IHM tilbyr ein kombinasjon av henteordningar og bringeordningar.

Henteordningar

For det vanlege hushaldsavfallet; våtorganisk avfall, papp, papir, drikkekartong og restavfall er det utdelt dunkar. For plastemballasjen vert det nytta spesiallaga perforerte sekker. Dei som komposterar må skaffe kompostbinge sjøl, men får refundert kr. 1000 (pr. 01.01.17) av IHM ved framlagd kvittering. Dette gjeld kun ved 1.gongs kjøp!Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot. I tillegg får dei som komposterar redusert avfallsgebyr.

Hushaldsavfallet vert henta på faste ruter og dei ulike rutene har ulike dagar for tøming.

Bringeordningar

IHM har rundt 40 containerar for glas- og metallemballasje rundt i kommunane. Andre avfallstypar som elektrisk- og elektronisk avfall (EE-avfall), farleg avfall, trevirke, jern og metall osb. må leverast til miljøstasjonane i kommunane.

IHM sitt avfallsanlegg på Voss er eit viktig knutepunkt for vidaretransport av avfall til gjenvinning. IHM har avtalar med verksemder i Noreg, Norden og Europa som syter for avsetnad på avfallstypane som vert utsortert.

Til tross for god kjeldesortering og aukande gjenvinningsgrad veks den totale avfallsmengda. Dette er eit av vår tids største miljøproblem. Ein viktig oppgåve for IHM er å vera ein pådrivar for å redusere avfallsmengdene i regionen!

For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

Innsamlingsforskrifta
Gebyrforskrifta

Renovasjonstenester hytte

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss