IHM

Renovasjonstenester næring

IHM kan tilby:

  • Trygge, fleksible og økonomisk gunstige løysingar tilpassa di verksemd
  • Miljørett avfallshandtering
  • Rådgjeving og informasjon

Vi hjelper deg med gode og trygge avfallsløysingar som er tilpassa di verksemd. Som totalleverandør på avfallstenester har vi lang erfaring i å kartleggje ulike verksemder sin trong for innsamling, transport og levering av avfall.

Vi tek imot alle typar avfall

  • Fleire avfallstypar er gratis å levere på grunn av bransjeavtalar
  • Det er viktig at farleg avfall (medrekna elektrisk og elektronisk avfall) vert levert for seg og ikkje i lag med avfall som går til deponi. Slik hindrar vi at miljøgifter kjem på avvegar
  • Vi hjelper deg med å deklarere farleg avfall slik alle verksemder plikter og slik at du kan dokumentere rett avfallshandsaming ved kontroll

Krav til avfallsprodusent

Det vert stilt krav til avfallsprodusent som leverer avfall direkte til deponi. Avfallet skal basiskarakteriserast med omsyn til innhald (avfallsforskrifta, kap. 9). Kundar som leverer avfall direkte til deponi må gjennomføra ei slik karakterisering.

Les meir om krav til avfallsprodusent

Kva er Retura-samarbeidet? 

Retura er ei franchisebasert kjede som består av 23 eigarselskap,interkommunale og private. IHM er eitt av dei. Med mange hundrede tilsette og ei omsetnad på om lag 1,5 mrd. er Retura ein av dei største aktørane i landet i vår bransje.

Unik lokalkunnskap

Retura er ein leiande leverandør av avfallstenester til næringslivet og tek imot alt avfall frå alle bransjer, over heile landet. Ingen dekkjer landet betre enn Retura, og når du vel å samarbeide med eit Returaselskap får du lokalkunnskap med på kjøpet.

Miljøansvarleg verksemd

Kundeporteføljen til Retura omfattar alt frå landsdekkande avtalar med store aktørar, til profesjonelle lokale løysingar for mindre enkeltståande verksemder. Selskapet er medviten sin rolle som miljøansvarleg og arbeidar for å finne dei beste gjenvinningsløysingane og førebyggje forurensing. Retura sitt slagord er «Eit miljø i balanse».

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss