IHM

Renovasjonstenester hytte

IHM ønskjer å leggje til rette gode ordningar med vekt på kjeldesortering for hyttefolk. I større hytteområde har det lenge vore tilbod om levering av sorterte avfallstypar. Vi arbeidar med å gje stadig fleire abonnentar sorteringsløysingar ved hytta.

I dei fleste større hyttefelt i regionen finn du ordningar for glas- og metallemballasje og papir (aviser & vekeblad), i tillegg til restavfall. Dei største hyttefelta har òg ordning for sortering av matavfall.

Dersom det ikkje er etablert sorteringsordning for ditt hytteområde, må du nytte hyttecontainer eller bosbu. Her kan du levere vanleg hushaldsavfall.

Papir, papp, drikkekartongar, plastemballasje og glas- og metallemballasje KAN du levere til miljøstasjonen i kommunen. Glas- og metallemballasje kan du òg levere til returpunkt for glas- og metallemballasje.

NB! Følgjande avfallsstypar må leverast til miljøstasjonen:

Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar. Farleg avfall - til dømes: beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri og trykkimpregnert treverk.
Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). EE-avfall kan òg leverast gratis i retur til forhandlar!

For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga, sjå:

Innsamlingsforskrifta
Gebyrforskrifta 

Foto: Svein Ulvund

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss