IHM

Returpunkt

 

Containerar for glas- og metallemballasje

IHM har utplassert containerar for innsamling av glas- og metallemballasje over 60 stader rundt om i kommunane. I containerane kan du levere klart og farga glas, men ikkje porselen, keramikk, krystall, steintøy, ildfaste former, peisglas, knuste glasruter o.l. som er restavfall.

Containerane for glas- og metallemballasje vert tømt etter faste ruter. Intervallet er sett opp etter kor tett befolka området er. Til vanleg går dette bra utan at containerane vert for fulle, men av og til vert enkelte fylt opp nærast "over natta" på grunn av storopprydding og anna.

Det er ikkje alltid så lett for oss å fange opp dette med ein gong, og vi set pris på å verte kontakta dersom du møter ein full container. Vi prøver å tøme ekstra dersom det er lenge til neste faste tøming.

Gjenvinning av glas- og metall sparer store mengder energi. Glas kan resirkulerast i det uendelege, og både glas- og metallemballasje blir som nytt når det gjenvinnast.

Glas- og metallemballasje vert sendt direkte til Norsk GlassGjenvinning og Norsk MetallGjenvinning sitt anlegg i Onsøy ved Fredrikstad. Dette er Europas mest moderne gjenvinningsanlegg for glas- og metallemballasje. Der vert dei resirkulerte produkta omgjorde til nye glas- og metallprodukt.

Oversikt returpunkt

Eidfjord

  • Eidfjord sentrum
  • Miljøstasjonen i Eidfjord
  • Øvre Eidfjord
  • Maurseth
  • Fet
  • Liseth

Granvin

  • Kvandal
  • Eide ved samvirkelaget
  • Miljøstasjonen i Granvin
  • Øvre Granvin, Vassenden

Jondal

  • Herand
  • Miljøstasjonen i Jondal
  • Kryss Tveitehagen
  • Jondal sentrum
  • Belsnes
  • Torsnes
  • Kysnes

Ullensvang

Aust:

  • Hovland
  • Lofthus
  • Kinsarvik ved ferjekaia
  • Miljøstasjonen Kinsarvik

Vest:

  • Velure
  • Grimo
  • v/Kyrkjegarden på Utne
  • Miljøstasjonen Utne
  • Djønno

Ulvik

  • Miljøstasjonen i Ulvik
  • Brakanestunet
  • Coop Ulvik
  • Finse Miljøstasjon

Voss

  • Voss idrettshall
  • P-plass bak Rimi (flytta frå bak COOP Mega)
  • Fraktgodsen
  • Dyrdal Mat, Haugamoen
  • Amfi Voss
  • Skulestadmo, Coop Exstra
  • Skulestadmo, Kiwi
  • Tvildemoen, Felleskjøpet
  • Palmafossen, Kiwi
  • IHM, Bjørkemoen
  • Bulko, kryss v/ Hardangervegen
  • Kvitne i Bordalen
  • Bordalen ved gamle butikken
  • Bolstadøyri ved butikken
  • Horviki
  • Horvei
  • Evanger
  • Bulken ved jernbanestasjonen
  • Træen ved brua
  • Sandfjellet, parkeringsplass
  • Rasborne, parkeringsplass
  • Nordre Hamlagrø, v/ nytt hyttefelt
  • Mjølfjell, Ljosandalen
  • Mjølfjell, v/ Rjoanåi
  • Fagnastøl
  • Reimegrend
  • Kyte
  • Voss Golfbane
  • Haugsvik ved butikken
  • Haugsli hyttefelt
  • Oppheim ved Bua
  • Vinje ved Handelslaget
  • Voss Fjellandsby, Myrkdalen
  • Tveite hyttefelt

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss