Donald Duck skal lære norske barn å kjeldesortere
I eit eineståande samarbeid med Disney gjev LOOP og Avfall Norge ut eit spesialnummer av Donald Duck 10. januar 2007. Bladet inneheld historier om kjeldesortering og miljø, og vert distribuert gjennom skulane til 100.000 elever over heile landet.
I bladet kan vi mellom anna lese om korleis Donald avslørar Nabo Jensen som miljøsyndar, om korleis Petter Smart hjelper ordføraren med å verte kvitt bosfjellet til Andeby, og om korleis Hakkespettane Ole, Dole og Doffen oppdagar nokre svært så hissige fiskar i den forurensa Svartsjøen.
- Donald Duck har ein stor gjennomslagskraft ikkje berre hjå barn, men og hjå deira foreldre.
- Bodskapet om kjeldesortering er eit bodskap om dugnadsånd og den einskilde sin innsats i eit felles prosjekt. Hakkespettane er miljøvernpionerar og i denne samanheng er Donald Duck ein framifrå ambassadør.
I tillegg til vanlege teikneseriehistoriar inneheld bladet fire sider informasjon om avfall og kjeldesortering frå LOOP og Avfall Norge.
Indre Hordaland Miljøverk skal dele ut bladet til 4. klassingar som kjem på besøk til IHM sitt avfallsanlegg på Voss eller til miljøstasjonane i IHM-kommunane.
Barnehagar og skular eller andre som ønskjer å bruke bladet som premier eller på annan måte som oppmuntring til barn som er flinke til å kjeldesortere, kan vende seg til oss, seier Ellen T. Astrup i Indre Hordaland Miljøverk.
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:
Ellen T. Astrup
Leiar info og miljø i Indre Hordaland Miljøverk
Tlf. 56 52 99 06
E-post: ellen@ihm.no
Eller:
Nancy Sand
Seniorrådgjevar
Retursamarbeidet LOOP
Tlf. 23 27 22 32 / 91 601 901