LOOP Miljøskule
IHM deltek i avfallsbransjen si store skulesatsing frå hausten av. Skular og barnehagar i området kan få tilsendt gratis klassesett med elevhefte, og elevane kan få omvisning på Bjørkemoen. IHM gjer støtte til transport.
|
|
Hege, Hektor og Viktor vaktmeister vert hovudpersonane i skuleprosjektet. |
Prosjektet skal auke interessa for miljø, avfall og kjeldesortering blant born og unge. Dette er og mål som er svært sentrale i Læreplanen for grunnskulen.
Undervisningsmateriellet tek utgangspunkt i kretsløpet. Forbruket og avfallsmengdene aukar år for år. Dette gjer det stadig viktigare å bruke ressursane fleire gonger. I eit berekraftig kretsløp brukar ein ikkje meir naturressursar en jorda klarar å fornye. Strategiar mot målet om berekraft er avfallsførebygging, ombruk og materialgjenvinning. Elevhefta rettar seg mot tre klassetrinn; 1. klasse/barnehage, 4. klasse og 9. klasse.
Hefta er på begge målformar, og kan tingast hjå IHM tlf. 56 52 99 00 eller e-post
ihm@ihm.no.
Hefta kan også tingast hjå
LOOP.
I tillegg til elevhefta fins det ei eiga internettside på
www.loop.no. Prosjektet er eit samarbeid mellom stiftinga LOOP og Norsk renholdsverks-forening.