IHM

Oppretting eller endring av abonnement

Gå direkte til skjema

Utdrag frå kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr etter forureiningslova § 34:

1.1 Administrasjonen i IHM handsamar alle gebyrsaker i samsvar med desse forskriftene.

2.1 For søknad om endring av kommunale avgifter, skal det nyttast særskilt søknadsskjema frå IHM. Søknaden vert handsama på grunnlag av dei opplysningar som er gjeve i søknadsskjemaet. IHM kan likevel henta inn suplerande opplysningar og eventuelt foreta synfaring.

2.2 Endringer av gebyr som berre omfattar endring av leveringsfrekvens eller behaldarstorleik, dvs. overgang mellom gebyrklassane små-,normal-eller storhushald, kan meldast med ei forenkla skriftleg eller muntleg melding.

2.3 Vedtak om endring av gebyr vert gjort gjeldande frå fyrste heile månad etter at IHM har motteke fullstendig søknad/melding om endring (poststempeldato).

2.4 Vedtak om fritak for renovasjon og tilsvarande gebyr gjeld i inntil 2 år. Minst to månader før vedtaket går ut, kan det søkjast om forlenging av fritaket med inntil to nye år. Dersom IHM ikkje har fått søknad om forlenging innan fastsett tidsfrist, vert gebyret automatisk justert til normalt gebyr.

3.1 Bygg som står tomme i minst eit år kan, etter søknad, få fritak for renovasjon og tilsvarande gebyr. Fritaket vert gjeve i samsvar med pkt. 2.3 og 2.4.

3.2 For å få renovasjonsordning som gjeld for fritidsbustad, må bygget vere byggemeldt som fritidsbustad eller fått godkjend bruksendring til fritidsbustad. Vidare må bygget ha sterkt redusert bruk i høve til bustadhus.

4.1.1 For bustadhus som ligg over 500 meter frå hentestad kan ein etter søknad få nedsett renovasjonsgebyr til inntil halvparten av gebyret for normalhushald.

6.4 Gebyret vert rekna fullt ut sjølv om huset periodevis står tomt.

Oppretting eller endring av abonnement

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss