IHM

Sortering på arbeidsplassen

KJELDESORTERING

God avfallsbehandling dreier seg om langt meir enn å verte kvitt avfallet. Regelverket vert stadig strengare og meir omfattande, samstundes som det vert stilt krav til praktiske og økonomiske løysingar.Med unntak for farleg avfall, Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) og matavfall (våtorganisk avfall), er det lite spesifisert korleis deler av næringslivet skal sortere avfallet. Nokre bransjar, t.d. bygg- og anleggsbransjen, har særskilde krav til avfallsplanar og handtering. Les meir om krav til bygg- og anleggsbransjen her. Generelt for næringslivet heiter det i forurensingslova (§32) at: "Næringsavfall skal bringes til lovlig avfallsanlegg..."

MILJØ

For mange verksemder er fokus på miljø ei viktig brikke i arbeidet med å byggje eit positivt omdøme, og å ta samfunnsansvar. Ved kjeldesortering tek ein vare på ressursane når dei går inn i kretslaup, samt reduserer klimautslepp og sparer jomfrueleg råstoff. Fleire og fleire verksemde ynskjer og å miljøsertifisere seg, og det vert m.a. stilt krav om kjeldesortering og miljøvenleg avfallshandsaming.

ØKONOMI

Avfallshandtering kan vere kostbart, og kjeldesortering kan vere ei effektiv måte å få kostnadane ned på. Blanda avfall har ein høg pris ved levering, medan sorterte avfallstypar er rimelegare eller i fleire høve gratis. Det er difor god økonomi i å kjeldesortere.

 

Les meir om sortering i vår sorteringsguide.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss