IHM

Stilling ledig som adm. medarbeidar

Vi søkjer kunnskapsrik og engasjert medarbeidar til vår administrasjon. Oppgåvene vil m.a. omfatte: sentralbord, oppfølging av abonnentar, fakturering, sakshandsaming og prosjektarbeid. Vi er i ein allsidig og framtidsretta bransje og har eit overordna miljøperspektiv.

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med avfallsløysingar for abonnentar og kundar: Innsamling, tilrettelegging av sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall. Vi samarbeidar og med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen. IHM er sertifisert etter ISO-9001/14001 og OHSAS-18001.

Administrasjonsmedarbeidar

Vikariat sommar 2017 - haust 2018

Arbeidsoppgåvene vil omfatte:

  • Sentralbord
  • Oppfølging abonnentar
  • Fakturering
  • Sakshandsaming
  • Andre merkantile oppgåver
  • Prosjektarbeid

Du må:

  • vere, serviceinnstilt, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • ha gode evne til kommunikasjon skriftleg og munnleg
  • vere påliteleg og kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • vere utviklingsorientert, kreativ og oppteken av forbetringar i interne rutinar

IHM er i ferd med å etablere eit nytt fagsystem som skal redusere manuelt arbeid knytt til fakturering og logistikkplanlegging. Innhaldet i arbeidsoppgåvene vert endra i takt med innføring av det nye systemet.

Bransjeerfaring er ikkje avgjerande, men kjennskap til regionen vil vere ein fordel. For oss er avfall ein viktig ressurs, og vi ønskjer søkjarar med eit overordna miljøperspektiv.

Du kan rekne med gode høve til eigenutvikling i ein hektisk og triveleg kvardag. Arbeidsstad er Voss.

Kontakt økonomileiar, Otto Thillmann, tlf. 918 17 411 for fleire opplysningar om stillinga.

Søknad med CV sender du til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 28.05.17.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss