IHM

IHM - Partnar for arrangørar

IHM ser det som ei viktig oppgåve å vere med på å utvikle dei naturlege ressursane i regionen, og naturlege satsingsområde er reiselivsnæringane og primærnæringane. Hardanger– og vosseregionen er ei nasjonal naturperle med sterke kulturelle særpreg der verksemd og aktivitet knytt til desse særtrekka har lange tradisjonar.

Med dette utgangspunktet har det mellom anna vore naturleg for IHM å samarbeida med arrangement og festivalar som vert skipa til i kommunane. Målet er å ta vare på ressursane og syte for den reine opplevinga!

NM i nordiske greiner på Voss i 2012 vart m.a. tildelt med lovnad om at det skulle setjast fokus på miljø og klima i planleggingsfasen og under gjennomføringa av meisterskapen. Les meir om "Rein oppleving" her.

Voss Cup, Noregs største fotballturnering for born mellom 6 og 12 år (over 700 lag) har som målsetnad å vere den reinaste cupen i landet, med god hjelp av IHM.

Arrangement og festivalar som IHM støtter må ha ein tydeleg miljøprofil. Det er sjølvsagt at arrangementet har kjeldesortering og elles gode ordningar for avfallshandsaminga, slik at alle får ei rein oppleving. Men miljø vert og vektlagd i langt vidare perspektiv m.a. med omsyn til transport, servering, emballasjebruk, premiar, gjenbruk, estetikk o.s.b. IHM bidreg gjerne med tips og idear om korleis ein kan tilretteleggje eit miljøvenleg arrangement. Vi kan og bidra i prosessar med miljøsertifisering, om dette er ønskjeleg. Les meir om Miljøfyrtårn og grøne arrangement.

Elles støttar IHM klubbar og lag i regionen. Kultur- og idrettsaktivitetar som byggjer identitet, skapar gode haldningar og syter for "råstoff" til framtidige festivalar og arrangement og som sikrar den reine opplevinga!

For den som vil lære om korleis store arrangement som Øyafestivalen kan vere ein miljøvenleg festivalarrangør, les Miljøhandboka.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss