IHM

Vegen vidare for avfallet


Å ta vare på ressursane i avfallet er ein viktig del av IHM sin filosofi. IHM tok hand om nær 22 500 tonn avfall i 2014. Av dette utgjorde reine massar og lett forureina massar i overkant av 3 700 tonn, omlag det same som avfall til deponi. Avfall til deponi er td. restar frå sortering, ristgods, eternit og gips. Avfall til materialgjenvinning og energiutnytting utgjorde om lag 15 000 tonn.

papir   Papir, papp og drikkekartong (13%)

Vert levert til Norsk Gjenvinning i Bergen og Norske Skog sitt anlegg i Skogn. Norske Skog er verdas nest største produsent av avispapir og verdas tredje største produ­sent av magasinpapir. Selskapet har hovudkontor i Noreg og fabrikkar i 14 land over heile verda. Produksjonskapasitet på cirka 6,5 millioner tonn papir i året.

plast   Plastemballasje (3%)

Avtale med Materialreturselskapet Grønt Punkt Norge (GPN). Plastemballasjen vert levert til Swerec i Sverige og til Folldal Gjenvinning (landbruksplast og folie). Plastemballasjen vert sortert i 6-7 ulike plasttypar (optisk sortering). GPN garanterer at 75% av den innsamla plasten går til materialgjenvinning, og vert til nye produkt som møblar, leiker, fleece-klede, bereposar m.m. Plast av dårleg kvalitet erstattar olje og kol som brensel i industrien. Isopor vert levert til eit anlegg på Stora, og vert til plastprodukt som bygningsartiklar, hagemøblar, kule­pennar, CD- og PC-deksel.

bio   Bioavfall (9%)

Vert levert til Lindum BioPlan sitt komposteringsanlegg i Odda. Kompost og jordforbetringsmiddel.

glas,metall   Glas- og metallemballasje (2%)

Vert levert til Syklus glass- og metallgjenvinning. På Onsøy utanfor Fredrikstad, driv Syklus eit av verdas mest moderne anlegg for gjenvinning av glas- og metallemballasje. Gjenvunne glas vert råstoff til ny glasemballasje og nye produkt som glava isolasjon, glasopor, skumglas og glasbetong. Resirkulert metall og aluminium vert selt til smelteverk i Noreg eller eksportert, og vert til fly-, bil-, og sykkeldelar, spikar, binders, hermetikkboksar og andre produkt av metall. Råstoffet har same høge kvalitet som heilt nytt materiale.

skrapmetall   Blanda skrapmetall (8%)

Vert levert til Norscrap West på Hanøy­tangen, Askøy. Vidare til ulike smelteverk, m.a. Fundia i Mo i Rana og til eksport.

ee-avfall   EE-avfall (Elektrisk- og elektronisk avfall) (2%)

Vert levert til Materialreturselskapet RENAS og til ERP Recycling. Produkta vert demontert, og miljøgiftene vert tekne hand om på forsvarleg vis. Kjøleskåp vert tappa for drivhusgass, metall som kopar, gull, sølv og palladium vert seld som nye råvarer. Plasten vert sendt til materialgjenvinning eller energiutnytting. Rundt 85% av det behandla avfallet går til materialgjenvinning eller ombruk. Lysstoffrøyr går til anlegg for elektronikkgjenvinning der kvikksølv, bly og andre tungmetall vert fjerna, og sendt vidare til gjenvinning.

farlegavfall   Farleg avfall (4%)

Vert levert til godkjende behandlingsanlegg, slik at helse- og miljøskadelege stoff vert tekne hand om, og ikkje hamnar i naturen. Noko vert brent ved høg temperatur og god reinsing (destruksjon), og noko vert nøytralisert og eller langtidslagra. Energien vert utnytta. Farleg avfall frå IHM vert levert til Sølør Gjenvining, Kirkenær, Norsk Gjenvinning og Ragn Sells. Vidare går det til anlegg i Noreg, Sverige og Finland. Alle typar batteri vert sendt via Batteriretur AS til gjenvinning i Sverige og England. Batterikassen vert til videokassettar, is-skraper og hagemøblar. Batterisyra vert nøytralisert og uskadeleggjort, eller omgjort til vaskepulver. Blyet i batteria vert vidarebehandla og brukt i nye batteri.

Trevirke.png   Trevirke (19%)

Vert levert til energiutnytting, for det meste til Sverige.

Hageavfall.png   Hageavfall (6%)

Hageavfall kan du enkelt kompostere i din eigen hage, men kan òg leverast til miljø­stasjonen. Hageavfallet vert til kompost og jordforbetringsmiddel.

Restavfall.png   Restavfall (34%)

Restavfall som vert samla inn vert sendt med vogntog til forbrenningsanlegg med energiutnytting i Sverige og Noreg.

Anna.png   + anna (t.d. klede)

Fretex sitt mottaksanlegg i Bergen (mindre mengder som ikkje blir vist i diagrammet).

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss