Indre Hordaland Miljøverk IKS Bjørkemoen 60, Voss |
||
![]() |
Ny faktura for renovasjon på veg
IHM sender i desse dagar ut faktura for renovasjon. Har du fått faktura for renovasjon og lurar på kva som står der?
Renovasjonsgebyret som hushald og hytter betalar, gjeld innsamling, transport, mottak, sortering, oppbevaring, behandling, etterkontroll, samt avsetjing til etterdrift deponi. Kommunen/heradet vedtek betalingsregulativ for gebyr og fastsett gebyr. I kommunen/heradet er det lovpålagt innsamling av hushaldsavfall, jfr. Forureiningslova §30.
Kor ofte kjem det faktura?
Faktura frå IHM vert sendt ut to gonger i året, vanlegvis mars og september.
Kven mottar faktura?
Den som er registrert eigar av eigedomen på fakturerings tidspunktet, er ansvarleg for betaling av renovasjonsgebyret. Dersom det ikkje er teke høgde for ubetalt renovasjonsgebyr ved salsoppgjeret, er det kjøpar som er ansvarleg for å betale, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga. Dette er eit oppgjer mellom tidlegare og noverande eigar.
Dersom du kjøper bustad/eigedom som er skyldig renovasjonsgebyr er dette ei hefting som fylgjer eigedomen. Du blir ansvarleg for dette kravet dersom seljar ikkje har betalt før du tar over eigedomen. Ved kjøp og sal gjennom eigedomsmeklar blir dette normalt ivaretatt.
Eigarkommunane til IHM har vedteke tvungen renovasjon for hus og hytter i vår region. Dette betyr at du må betala renovasjonsgebyr sjølv om huset ikkje er i dagleg bruk.
Så lenge hytta er i bruk, og står oppført i eigedomsmatrikkelen, må hyttekundane betale renovasjonsgebyr, anten ho vert nytta eller ei. Politikarane har vedteke at det skal vera tvungen renovasjon i IHM sine eigarkommunar. Det er heilt umogeleg, og heller ikkje ønskjeleg å kontrollere den enkelte hytteeigar sin bruk av hytta. Gebyret kan såleis ikkje differensierast på bakgrunn av dette.
Kundar som komposterer matavfallet heime får redusert renovasjonsgebyr. Kontakt IHM for avtale.I tillegg til gebyrreduksjonen gjev IHM eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge på kr. 1000 mot dokumentasjon/kvittering.
IHM har differensierte gebyr for hytteeigarar. Dvs at du betalar mindre for ei lita hytte, langt frå allfarveg, enn du betalar for ei stor hytte med innlagt straum og veg. Det er ikkje mogleg for hyttekundar å få tilbod om heimekompostering i IHM.