IHM

Finn tidspunkt for tømming glas- og metallemballasje

Same rutenummer og vekedag som før. Tømming kvar 8. veke.

Tømmekalender for glas og metall

NB!
For rute 15 vert det tømming MÅNDAG 24/12 i veke 52.
For rute 17 vert det tømming TORSDAG 27/12 i veke 52.

Snart klare for henting av din glas- og metallemballasje

glas og metall symbolsrikel copy

JA TAKK!

  • Glasemballasje frå mat- og drikkevarer.
  • Klar og farga glas- emballasje som flasker, syltetøyglas m.m
  • Metallemballasje frå mat- og drikkevarer.
  • Hermetikkboksar, drikkeboksar utan pant, aluminiumsfolie/-beger/-behaldarar inkl. telyshaldarar i aluminium.

NEI TAKK!

  • Glas og metall som ikkje er emballasje.
  • Steintøy, eldfaste former, steikepanner, gryter, keramikk, porselen, krystall, knuste glasruter o.l., omnsglas.
  • NB! Medisinflasker må leverast i retur til apoteket!

Gjenstandar som ikkje passar i det runde innkastet på loket skal ikkje oppi dunken!

Tmekalendar 10

Tømekalendar

Miljstasjonar 11

Miljøstasjonar

Sorteringsguide 12

Sorteringsguide

Har du framande artar i hageavfallet?

Framande artar med risiko for natur, plante- og dyrehelse eller artar som er forbode:

Det er eit aukande problem at hageplanter invaderer landskapet og slik vert ein fare for det biologiske mangfaldet. Planter som opphaveleg er importert av pryd- og nytteverdi, kan etter kvart opptre som ugras.

Framande artar kan spreie seg og utkonkurrere artar som finst naturleg. Etablering og spreiing av framande artar påverkar ikkje berre planter og natur som høyrer naturleg heime hjå oss, men også innsekt og andre dyr som er avhengig av det lokale plantelivet. Problemartar vil kunne variere frå plass til plass grunna ulike lokale klimatilhøve. 

For å hindre at framande artar invaderer norsk natur og tek over for norske artar, har regjeringen vedteke nye og strengare reglar. Frå 01.01.2016 er planter med størst økologisk risiko forbode å importere, selge og å plante ut. Sjå Forskrift om fremmede organismer

Som hageeigar kan du bidra med å hindre spreiing av hageplanter til naturen ved å:
- Halde plantene innafor hagegjerdet
- Unngå å plante ut risikoartar
- Vurdere å fjerne slike artar frå eigen hage
- Unngå å gje vekk risikoartar
- Hindre spreiing ved å luke og hindre frøsetjing
- Følgje importreglane dersom du tek heim plantemateriale frå utlandet
- Unngå å kaste hageavfall i naturen
- Kompostere hageavfallet i eigen hage
- Levere til IHM sitt avfallsmottak på Voss eller til miljøstasjonen i kommunen:

Dersom du mistenkjer, eller veit at hageavfallet inneheld framande artar med risiko for natur, plante- og dyrehelse, eller artar som er forbode, skal dette pakkast i tette sekker og leverast som restavfall til forbrenning. Det er gratis å levere slikt hageavfall ved IHM sine avfallsmottak. Sjå IHM si rettleiing for framande artar (tidl. svartelista artar) eller artar som er forbode her:

I Artsdatabanken finn du nyttig info, og du kan søkje særskilde artar: Artsdatabanken – fremmedartslista

Elles finn du nyttig info her:

Klima- og miljøverndepartementet

Om hagerømlingar - Fylkesmannen i Hordaland

Hagerømlingar -- Hageplantar som blir miljøproblem - Fylkesmannen i Hordaland - brosjyre

Hagerømlinger og andre arter på avvegar – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Faglig utviklingssenter for grøntanleggssektoren 

Det norske hageselskap 

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold

 

IHM på Instagram:

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss