IHM

Ikkje ta ferie frå kjeldesortering - God sommar !

Ikkje ta ferie frå kjeldesortering - God sommar !

Endeleg er det sommar og ein ser fram til ferie! I år vil nok dei aller fleste av oss feriere i Norge. Nordmenn elskar å feriere i Norge, og Norge elskar nordmenn på ferie. Flotte fjordar, fjell, fossefall og brear.

Mangen av oss vil òg bruke meir tid på hytta.

Dei siste åra har mengda avfall frå hyttene eksplodert. Ei av årsakene er nok at mange hytter er i bruk større delar av året.

Med fleksible arbeidstidordningar, moglegheit for tidleg pensjon og fleire generasjonar som nytter hyttene i lag, er det nærast heilsårsbruk på mange hytter.

Kos er for dei fleste synonymt med mat og drikke, og enkelt er for mange ferdigmat med eingongsemballasje. Planlegg når du handlar og et opp maten. Det er truleg det beste du kan gjere for miljøet i sommar.

Les meir

Tmekalendar 10

Tømekalendar

Miljstasjonar 11

Miljøstasjonar

Sorteringsguide 12

Sorteringsguide

Svar på det mange lurer på:

Når huset eller hytta er lite i bruk, og eg ikkje leverer avfall frå bustaden, skal eg då betale renovasjonsgebyr?

Eigarkommunane til IHM har vedteke tvungen renovasjon for hus og hytter i vår region. Dette betyr at du må betala renovasjonsgebyr sjølv om huset ikkje er i dagleg bruk.

Så lenge hytta er i bruk, og står oppført i eigedomsmatrikkelen, må hyttekundane betale renovasjonsgebyr, anten ho vert nytta eller ei. Politikarane har vedteke at det skal vera tvungen renovasjon i IHM sine eigarkommunar. Det er heilt umogeleg, og heller ikkje ønskjeleg å kontrollere den enkelte hytteeigar sin bruk av hytta. Gebyret kan såleis ikkje differensierast på bakgrunn av dette.

Kva skal til for at eg kan få fritak for renovasjonsgebyret?

Fritak for renovasjonsgebyret kan du berre få etter søknad, dersom bustaden står tom i minst eit år. Dersom du har husvære for utleige kan du og få fritak frå gebyret dersom du går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til IHM. For å få fritak må du senda inn ein søknad til IHM. Last ned Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og IHM må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.

Kva rabattordningar har IHM?

Kundar som komposterer matavfallet heime får redusert renovasjonsgebyr. Kontakt IHM for avtale.I tillegg til gebyrreduksjonen gjev IHM eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge på kr. 1000 mot dokumentasjon/kvittering.

IHM har differensierte gebyr for hytteeigarar. Dvs at du betalar mindre for ei lita hytte, langt frå allfarveg, enn du betalar for ei stor hytte med innlagt straum og veg. Det er ikkje mogleg for hyttekundar å få tilbod om heimekompostering i IHM.

Kvifor er ikkje boset mitt tømt?

For at du skal vere sikker på at boset ditt vert tømt, må det setjast fram til hentestaden før kl 07.00 hentedagen. Er du seinare ute med boset, kan du risikere at renovatøren alt har vore der. Sjekk også at du har sett ut rett dunk i rett vekenummer, og at du føl dei raude tala på tømekalenderen dersom du har småhushald. Det er lett å ta feil. Hugs å sortere! Dersom du til dømes kastar restavfall i papirdunken, vil ikkje renovatøren ta boset ditt med seg. Har du gjort alt rett, og du likevel opplever at dunken din ikkje er tømt, ta kontakt med IHM. Ved snø og vanskeleg føre, la dunken stå. Dei kan vere forseinka på ruta.

Korleis får eg tak i nye sekkar til innsamling av plastemballasje?

Du kan få sekker til plastemballasje ved å hengje lapp på dunken din, godt synleg og skjerma for vær og vind. Du kan og få sekker til innsamling av plastemballasje på miljøstasjonen eller på servicetorget i kommunen. Dersom du har hengt lapp på dunken, og det ikkje ligg at sekker til deg, kan dette skuldast at andre kan ha falt for freistinga og tatt rullen din med sekker. Det kan og skje at dei går tomme for ruller på bilen. Ta kontakt med IHM.

Sjå fleire spørsmål og svar her

 

IHM på Instagram:

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300