IHM

Abonnement og prisar

  • Hushald

    Renovasjonsgebyret som hushald og hytter betalar, skal dekke kostnader med renovasjonsordninga for hushaldsavfall, t.d. transport og handsaming av avfallstypar. Det skal òg dekke investeringar i t.d. miljøstasjonar og avfallsmottak, utstyr og naudsynte miljøtiltak.

    Deponiet på Bjørkemoen er lokalisert i nær tilknytning til eit verna vassdrag, og det er i den samanheng stilt strenge krav til sikring mot utslepp til jord, vatn og luft. Alle deponi har og krav om tiltak mot gassutslepp. Gebyret skal òg dekke kostnader med etterdrift (vedlikehald, overvaking og kontroll) av deponiet i minst 30 år etter det vert avslutta.

     

    Gebyrklassar 2020Prisar i kroner inkl.mva.
    Småhushald 3119,00
    Småhushald m/kompostering 2226,00
    Normalhushald 4455,00
    Normalhushald m/kompostering 3121,00
    Storhushald 6015,00
    Storhushald m/kompostering 4459,00
    Halv avgift 2228,00

    For hushald er det tøming av 140 L bioavfallsdunk kvar 2. veke og 140 L papirdunk kvar 4. veke.

    Restavfall:

    • Småhushald 140 L dunk kvar 4. veke
    • Normalhushald 140 L dunk kvar 2. veke
    • Storhushald 240 L dunk kvar 2. veke

    Kven som er pliktig til å betale renovasjonsgebyr er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune. Omfanget av ordninga knytt til kvart abonnement kan du sjølv bestemme, dvs. om du ønsker heimekompostering, frekvens for tøming av restavfallet etc. Gebyret du betalar er avhengig av type abonnement.

    For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

    For tinging av nytt abonnement og oppseiing av abonnement skal det nyttast særskilt søknadsskjema.

    Endring av gebyr som berre omfattar endring av leveringsfrekvens eller behaldarstorleik, dvs. overgang mellom gebyrklassane små-, normal eller storhushald, kan meldast med ei forenkla skriftleg melding til e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., du kan og sende melding  via meldingsfunksjon dersom du har lasta ned vår  tømmeapp - eller per brev  til Indre Hordaland Miljøverks IKS, Postboks 161, 5701 Voss.
    Har du spørsmål, eller ønskjer informasjon om ordninga, kontakt oss på tlf. 56 52 99 00.

    Ta kontakt med IHM når det gjeld ordningar for heimekompostering.

  • Fritidsbustader

    Forutan at det er sterk vekst når det gjeld tilrettelegging og utbygging av nye område for fritidsbustader endrar og bruken av fritidsbustadane seg. Betre komfort fører til oftare og lengre opphald, større hytter gjev rom for fleire. I 2007 innførte IHM differensiert renovasjonsgebyr også for fritidsbustader.

    Dei 3 klassane er delt etter følgjande kriteria:

    • Storleik
    • Veg fram til hytta
    • Elektrisk straum (ikkje solceller)

     

    Fritidsbustad. gebyrklassar 2020StorleikPrisar i kroner inkl.mva.
    Fritidsbustad, gebyrklasse låg 25% av normalhushald 1114,00
    Fritidsbustad, gebyrklasse middels 45% av normalhushald 2004,00
    Fritidsbustad, gebyrklasse høg 70% av normalhushald 3119,00

     

    Unntak

    Det er eigne satsar for fritidsbustader under 20m2, campinghytter, campingvogner, fritidsbustader over 120 m2 og utleigeeiningar.

    Kriteria for differensiering av hyttegebyr finn du i kommunedelplan avfall 2006 - 2009, vedlegg 4. Sjå og punkt 4.3 og punkt 5.3.4.

    Kven som er pliktig til å betale renovasjonsabonnement er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune, sjå forskriftene.

    Vil du endre abonnement?

    Her finn du skjema for søknad / melding om endring av abonnement. Fritidsbustader vert vist til fellescontainerar, bosbuer og event. lokal miljøstasjon.

    Her kan du finna ut kvar hyttecontainerane er utplassert.

  • Levering av avfall

    Prisane gjeld levering av avfall til IHM sine miljøstasjonar.  
    På miljøstasjonane er det berre høve til å levere mindre mengder. Ved større mengder, kontakt IHM 
    for leige av kontainer e.l
    Alle prisar pr. m3, inkl. mva (25%). 
    Minstepris:  Kr. 70,- inkl. mva. for private.
    PRISAR, GJELDANDE FRÅ 01.01.20    
         
    Prisane gjeld levering av avfall til IHM sine miljøstasjonar.        
    På miljøstasjonane er det berre høve til å levere mindre mengder. Ved større mengder, kontakt IHM     
    for leige av kontainer e.l      
    Alle prisar pr. m3, inkl. mva (25%).      
    Minstepris:  Kr. 70,- inkl. mva. for private.      
         
    Avfallsmengde i kubikk PRIVATE    
    Inntil 0,5 m3 (minstepris) 70,-  
    Inntil 1 m3 140,-  
    Inntil 2 m3 210,-  
    Inntil 3 m3 280,-  
    Inntil 4 m3 350,-  
    Inntil 5 m3 420,-  
    Inntil 6 m3 490,-  
    Ved avfallsmengder over 6m3 lyt dette avtalast på førehand4)    
         
    Avfall til gjenvinning:    
    EE-avfall: Elektronikk/ kvitevarer og kuldemøblar Gratis  
    Papp / papir / drikkekartong/ plastemballasje Gratis  
    Emballasje isopor Gratis  
    Glas- og metallemballasje Gratis  
    Metall Gratis  
    Kle til Fretex Gratis  
    Hageavfall 3) Gratis  
    Bildekk 1) 37,- pr stk   
    Bildekk på felg 1) 77,- pr stk      
         
    Farleg avfall:  Inntil 1.000 kg gratis  
    Eternitt  2)    
    Impregnert trevirke (trykk-/kreosotimpregnert)    
    PCB vindauga    
    Vindauge med klorparafinar    
    Golvbelegg m/ftalatar, asbest m.m (eks. vinyl, vinylfliser)    
    Anna farleg avfall: maling, lim lakk, spillolje,drivstoff, sprayboksar etc  
         
    1)  Bildekk skal forhandlar ta i retur gratis etter gjeldande forskrift.      
    2)Må leverast på pallar, pakka i tett plast og merkast      
    3) Større mengder, pris etter avtale.      
    4) Gjeld ikkje Bjørkemoen    
  • Containerutleige

    Vi har containerar for utleige (døgn, helg eller langtid)

    • Containerar for liftbil 8 - 10 m3 (til større husrydding mm)
    • Containerar "krokløft" 22 - 40 m3 (for litt større avfallsmengder)

    Bestill container ved å fylle inn skjema. Du kan også bestille på tlf. 56 52 99 00 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
    Dersom du treng container innan to døgn er det sikrast å ringje inn bestillinga til 56 52 99 00.

    Transporttenester

    IHM disponerer alt frå varebil og stykkgodsbil nytta til mindre spesialtransportar lokalt, komprimatorbilar nytta til innhenting av avfall på faste ruter, og vogntog for ulik transport.

    Sjå skjema for utleige
  • Kjøp / leige av utstyr

    Hjå IHM kan du kjøpe eller leige det du treng av utstyr og containerar til konkurransedyktige prisar. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod. Det er lett å kjeldesortere dersom du har gode system! Vi hjelper deg å leggje til rette for kjeldesortering.

    Oversikt

    • Dunkar 140 L / 240 L

      Papp og papir
      Bioavfall
      Restavfall

    • Dunk 660 L til restavfall

    • Trillestativ for plastsortering

    • Liten dunk for papir

    • Lite spann for bioavfall

    • Papirposar til bioavfall

    • Sekkar til restavfall

    • Sekkar til plastemballasje

    • Emballasje for smittefarleg avfall

Ekstra sekk (restavfall)

Du kan kjøpe ekstra sekk (kr 60,-) til restavfall på kundetorget i kommunen (med unntak av Jondal) eller på miljøstasjonen. Set ekstrasekken ut i lag med restavfallsdunken hentedagen.

Nye sekkar (plastemballasje)

Du får nye sekker til innsamling av plastemballasje på kundetorget og miljøstasjonen i kommunen, IHM på Bjørkemoen eller ved å setje lapp på papirdunken - godt synleg. Må tåle vêr og vind! 

Meir Plastsekkar Takk

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss