IHM

Julegåvetips

Den auka varehandelen i desember fører til stor auke i avfallsmengda kring jul og nyttår. Med enkle grep kan du vere med å gjere julehandelen litt meir miljøvenleg.

Her får du nokre tips:

Kjøp kvalitet! Og hugs – små gåver, tenester og opplevingar gjev mindre avfall. Hugs Fretex, UFF, Bytebua, brukthandlarar og loppemarknader og finn.no når du skal kvitte deg med klede, sko og anna utstyr som framleis har nytteverdi. Sjå opp for små hormonbomber til barn. Innhaldet i t.d. leppepomader og søte dyr fylt med badebobler og dusjsåpe kan gjere meir enn å smelte hjarte til små gull... Sjekk om produkt inneheld miljøgifter og helseskadelege stoff med Forbrukarrådet sin hormonsjekk-app: www. forbrukerradet.no. Sjekk www.erdetfarlig.no, www.gronnhverdag.no, www.ecolabel.no for gode råd før jolehandelen. Kjøper du svanemerka produkt er du trygg. Julepapir skal i restavfallet. Grunnen til dette er at det inneheld for mykje farge og for lite fiber til at det kan gjenvinnast. Kast difor ikkje gåvepapir i papirdunken! Hugs å levere kassert elektrisk og elektronisk utstyr til forhandlar eller til godkjent mottak, mljøstasjonen i kommunen

Meir miljøvenleg alternativ

Det vert selt over 40 millionar stearinlys i norske daglegvarehandlar berre i desember månad. Stearinlys slepper ut klimagassar når dei brenn. Dei slepper og ut kjemikaliar og partiklar i innemiljøet. Kjøp lys med høg kvalitet og lang brennetid. Svanemerka stearinlys får du mellom anna tak i på Clas Ohlson, Åhlens og KID. Sjå og www.gronnhverdag.no. Bivokslys er og eit miljøvenleg alternativ. Aluminiumskoppen til telys kan du levere til gjenvinning med glas- og metallemballasje.

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss