Batteria dine kan vera ei brannbombe

Batteri

Dei siste fem åra har det oppstått meir enn 200 brannar i norske avfallsnlegg. Ein av hovedgrunnane; batteri i restavfallet.

Det er som oftast litt restenergi igjen i batteria, noko som gjer at dei kan kortslutta og utgjera ei brannfare. Unngå at gamle batteri blir liggjande i skap og skuffer og husk å teipe polane.

Slik gjer du det:

* Bruk eit syltetøyglas eller annan behaldar til å samle brukte batteri i.

* Teip polane på batteria før du leverar dei inn. Unngå å samle opp store mengder batteri og lever dei inn regelmessig.

* Alle batteri kan leverast gratis til butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke. Batteri kan og leverast gratis til miljøstasjon.

Kva blir så batteria til?
Når batteria vert gjenvunne kan materiala dei består av brukast på ny. Vanlege hushaldningsbatteri innehled t.d sink, og det har blitt berekna at me vil gå tom for sink rundt 2030 dersom me fortset å utvinna like mykje som me gjer i dag. Derfor er det viktig at me brukar råvarene fleire gongar. Sink kan brukast i nye batteri eller til fargepigment i maling.
Etter du har samla inn og levert batteri til ein daglegvarebutikk eller miljøstasjon, vert batteria transportert til regionalt anlegg. Batteria vert vidare sendt til Batteriretur sitt anlegg i Fredrikstad. Batteria vert sorter ut etter kjemisk samansetning og vert sendt til ulike godkjente anlegg i Europa, avhengig av batteritype, der dei vert materialgjenvunne.
Takk for at du bidreg til rett kjeldesortering og reduserer faren for brannutvikling ♻️

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss