Bli ein strandryddar
Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp avfall i takt med at snøen smeltar!
Plast i naturen er ei global utfordring med lokale ringverknadar. Plasten driv kringom og finn vegen til vassdrag, strender og ut til hava. Vi er alle viktige brikke i jobben med å rydda strender og vassdrag!
IHM har i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og andre avfallsselskap i fylket søkt om midlar frå Miljødirektoratet til å bidra til aksjonar for å rydde eigarlaust marint avfall.
Me ynskjer å engasjere lag og foreiningar, venegjengar, familiar, friluftsråd, kommunar og elles alle som vil vera med på ryddedugnad.
Dette er noko du kan gjera:
- Registrer behov for rydding i ei strand/vassdrag på https://ryddenorge.no/
- Skip til ein aksjon i lokalmiljøet. Register den på https://ryddenorge.no/
- Ta kontakt med IHM for å få gratis hanskar og sekkar merka med "Vi rydder strendene i Hordaland"
- Ved behov for container ringer du IHM for avtale.
- Sekkar med avfall frå rydding av marint eigarlaust avfall leverer du gratis til ein av IHM sine miljøstasjonar om du har registrert ryddeaksjonen. Det er og mogleg å levere til bil på rute etter avtale med IHM.
- Førebygg plast i naturen ved å nytte gjenvinningordningane, og vera ein meviten forbrukar ved å vurdere produkt utan plast.
Sortering av eigarlaust marint avfall:
Jern og metall, dekk , trevirke og farleg avfall skal leverast for seg og ikkje samanblanda med resten av det marine avfallet. Ta kontakt for å avtala levering av desse avfallsfraksjonane. Alt anna marint avfall vert handsama som restavfall og vert sendt til forbrenning med energiutnytting.